Kropp og helse
Eg hadde eit avisbilete av meg sjølv, teke då eg
var på det drygaste. Det klypte eg ut og hengde på døra til kjøleskåpet. Kvar
gong eg opna den nemnde døra gremma eg meg og akka meg at no MÅ eg gå ned i
vekt, nei no er eg feit.
Dermed konsentrerte eg meg om korleis eg såg ut og
ikkje korleis eg ville sjå ut. Hjelpte det? Ikkje det spøtt, sjokoladen til
200g vart oppeten like fullt og ikkje eitt gram på kroppen forsvann. Alle dei 200 sjokoladegramma la seg attmed dei kroppsgramma som var der frå før.
No har eg teke ned biletet og erstatta det med eit
anna. Eitt der eg er slank og har den kroppen eg ynskjer meg.
Kvar gong eg ser
mot kjøleskåpsdøra ser eg no ei ung og lys og slank og smilande jente. No skal
eg konsentrere meg om korleis eg vil sjå ut når eg kjem dit eg ein gong var.
Like ung vert eg nok ikkje, att, men like slank kan eg verte.
Eg har ingen planar om å verte skinnmager, det
høver eg ikkje til, med min beinbygnad. Dessutan er vestlandsvêret slik at eg
bryr meg ikkje om å få bikinifasong. Men så pass slank at eg får ned
blodtrykket noko vil gjere både meg og dokteren blid, og kan eg springe lettare på turane i skogen, vil både helsa og humøret tene stort.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar