Livet som bibliotekar
Tysdag hadde vi teater i biblioteket. Aldateateret med stykket Herr
Kurz og damene, forfattar Rolf Losnegård, skodespelarane Idun Losnegård og
Kyrre Eikås Ottersen. Vi teipa alle vindauge med svarte bossekkar, bar ut bord,
sette inn stolar, selde billettar, reklamerte og prata, skreiv i avisa, hengde
opp plakat, serverte tapas og Mozell. Mykje folk og mykje skryt både til oss og
til dei på scena.
I dag har vi hatt lesestund på biblioteket for barnehagen, lydhøyre ungar som lånte med seg eit lass med bøker før dei gjekk.
Innimellom ryddar vi i hyllene, låner ut og leverer inn, set på plass, registrerer bøker, lagar utstillingar og svarar på spørsmål.
Ein bibliotekar sitt liv er mangslungent.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar