torsdag 28. mai 2015

Rart kva tida kan gjere med minna

Minne før og no

Eg var tidleg utvikla, fysisk. Då eg var elleve såg eg ut som eg var atten. Eg hugsar knisinga frå dei andre kvar gong eg sprang opp ei trapp, eller kvar gong eg gjorde det dårleg i gymtimen. Mobbing var ikkje funne opp, då eg var ung, då kalla vi det terging. Men eg (og eit par andre) lærte litt om korleis unge jenter og gutar kan vere mot kvarandre. Trøyste meg om eg ikkje også lærte nokre nye ord. 

Det hjelpte heller ikkje at ansiktet var pryda med store briller og eit syn som gjorde at eg måtte sitje på første pult for i det heile å sjå kva som stod på tavla. Kvar gong det regna såg eg uklart og når eg då kom innomhus dogga brillene og eg måtte pusse dei. Og det regna mykje då eg vaks opp. Etter som eg hugsar, i alle høve.

Eitt av kallenamna var «tjukka», det høyrde eg i mange år. Eg var 1,60 høg, på den tida, og rundt 57 kilo. Det var i grunnen høveleg, men orda gjorde at eg kjende meg feit.


Når eg tenker attende ser eg føre meg ei lita, feit blubbe som aldri kom over den hersens bukken vi skulle hoppe over, i gymmen, ei tjukkeberte som alltid vart valt sist når vi hadde ballspel. Når eg ser bilete frå den tida ser eg ei heilt normal, slank jente som faktisk var ganske fin på sin måte.
Eg tenker at knisinga og kommentarane truleg kom av misunning, eg hadde bulkar nett der eg skulle ha dei, medan dei andre jentene såg ut som nysteikte flatbrød. I ettertid ser eg òg at fleire av medelevane prøvde å få meg med i leiken, i gjengen. Men sjenert og skvetten som eg var, tok eg også dei hyggelege kommentarane som terging. Det er ikkje sant at tida lækjer alle sår, men jammen kan ho gjere oss litt klokare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar