Elisabeth Meyer
Elisabeth Meyer (1899 – 1968), journalist og fotograf
«Førr ei dame». På 1920 - og 1930 – talet reiste ho
rundt i verda. På eiga hand, åleine, skreiv og fotograferte. Ikkje var det dei
enklaste stadane ho oppsøkte, heller. Persia, India, Irak, Tyrkia… Ho møtte og
intervjua og fotograferte personar som sette namnetrekket sitt i
historiebøkene. Mahatma Gandhi, Kemal Atatürk, kong Faisal i Irak, Indira
Nehru. Redd av seg var ho ikkje, reisene kunne by på ulike vanskar, toget kunne
verte ståande i timar og dagar, vegar var ofte uråd å køyre. I boka En kvinnes ferd til Persia fortel ho om
vegen fram til Iran, m.a. om då vatnet gjekk så høgt at då sjåføren, som vart
kalla Longlegg, hoppa uti stod han i vatn til langt opp på låra.
Ho seier i føreordet at draumen om Orienten hadde ho
hatt i mange år, men ingen ho snakka med ville vere med. Ho fann til slutt ut at
skulle det verte noko av, måtte ho reise åleine.
At denne dama kunne verte fullstendig gløymt etter
sin død, er meg ei gåte. No har heldigvis Preus Museum gjort noko med saka. Ein
biografi kom ut i 2013, Elisabeth Meyer:
rapporter fra verden 1920 – 1950. Sjølv held eg på å lese meg gjennom det
ho sjølv skreiv, eg frydar meg over både fotografiske og skriftlege bilete i
boka En kvinnes ferd til Persia.
Deretter har eg liggande på vent En
kvinnes ferd gjennem India. Eg gler meg.
De små og
store dyra våre i bilder og tekst 1949
- En
kvinnes ferd gjennem India 1933
- En
kvinnes ferd til Persia 1930 (Svensk utg. 1932)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar