fredag 28. mars 2014

Så som i himmelen

Mektig film. Om menneska i eitt kyrkjekor ein stad i Sverige.
"Flesket rør sig" - Holmfrid, som endeleg tek eit oppgjer med mobbaren Arne.
"Tøyta" - Lena, som er den som ser menneska rundt seg.
Arne, som vil så mykje og som trampar med sine sjumilsstøvlar inn i andre si sfære.
Siv, som strir med å finne sin ståstad.
Inger, som elskar mannen sin, men ikkje greier å leve saman med han, lenger.
Presten - puritanaren, som er så redd for å gjere ei synd at han ikkje torer å leve.
Gabriella, som til slutt vågar å ta kontrollen i eige liv.
Daniel - dirigenten, fiolinisten, musikaren som vert mistrudd av presten.
Presten har sin spion, Siv, i koret, han lyttar skamlaust via høgtalaranlegget, til private samtaler.
Her er mange minneverdige scener, best hugsar eg kanskje desse
1. Daniel seier at alle har sin eigen, heilt unike tone. Dei står i ein ring på golvet, hand i hand og prøver å finne kjelda i seg sjølv. Brått ser vi at det skjer noko med Gabriella, ho finn si kjelde, sin tone. Det skin av andletet hennar, ho syng som ho aldri har gjort og Daniel berre ser på henne og smiler.
2. Erik reiser seg, ved festbordet, og fortel om kjenslene sine for Florence. Ho vert først litt forfjamsa, så reiser ho seg. Erik er redd i auga, og så skifter synsvinkelen til Lena og Daniel. Erik skriv namnet til Florence med gullskrift på himmelen, og eg vil vite kva svar ho gjev han. Seinare i filmen får vi svaret, men eg vil vite det der og då, ikkje berre skjøne det, ein halvtime lenger ute i filmen.
3. Presten kjem inn og fortel at kyrkjerådet etterforskar Daniel og at han har fått sparken. Heile koret reiser seg og går til skulestova og Daniel og held fram med øvingane hos han.
4. Gabriella går endeleg frå Conny og søkjer støtte i koret. Han kjem og er full og vil hente henne heim. Koret tek eitt steg fram og stengjer vegen for han.
5. Dei står oppstilt på scena i Austerrike og ventar på dirigenten, som ligg døyande på eit toalett i etasjen over. Dei tek til å syngje, Tore først, så Gabriella, så dei andre. Den eine etter den andre i salen reiser seg og til sist står alle og held kvarandre i hendene og syng.

Best likar eg kanskje Erik, denne eldre, stillfarande mannen, som ikkje gjer mykje av seg, men som alltid er der. Då Gabriella ikkje veit kvar ho og ungane skal gjere av seg, er det Erik og Florence som bed henne om å kome heim til dei. Då Daniel er slegen helselaus av Conny og fortel koret om barndomen sin, er det Erik som hentar ein stol til han og som seier: Velkomen heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar