Eg undrar
Er det slik
at dei som døyr unge, som har lita tid, at dei bråmognar, at dei utviklar seg
dobbelt så fort som oss andre? Slike som Anne Frank og slike som Ruth Maier.
Var eg så
reflektert som syttenåring? Svaret er nei. Var eg ein like klok nittenåring?
Svaret er nei.
Først vert eg
bittelitt misunneleg, på eit menneske som har slike talent, ho skriv, ho
teiknar, ho målar, ho kommenterer det som skjer i verda, ho les til dels tunge
verk. Deretter vert eg trist, fordi eit slikt talent ikkje skulle få leve og
utvikle seg. Tenk kva ho kunne drive det til, om ho hadde fått høve til det.
Ettertida har
mest hengt seg opp i spekulasjonane om det var eit kjærleikstilhøve mellom Ruth
Maier og Gunvor Hofmo. Ho seier ein stad at ho ikkje har fjernaste erotiske
kjensler for Gunvor. Jan Erik Vold trur ikkje dei har noko slikt forhold, sa
han ein gong. Eg trur det heller ikkje, ut frå det eg les, men om det er viktig
og om det var slik, får kvar lesar «døme» om, sjølv.Ein stad skriv Ruth Maier at ho skriv ikkje fordi ho reknar med at andre vil vere interesserte i hennar tankar og utgreiingar, men ho skriv fordi ho har ein trong til å skape. Dette kan eg kjenne meg att i, ein lengt etter å vere kreativ, etter å skape, etter å skape noko som varer.
Jan Erik Vold
har gjort ein stor innsats med å gjere desse dagbøkene og breva og illustrasjonane
om til eit bokmanus, han har omsett teksten til norsk, han har heile tida hatt kontakt
med Ruth Maier si søster Judith, under prosessen.
Ruth seier
fleire stader at ho vil utrette noko. Kjære Ruth, namnet ditt lever vidare,
gjennom det du skapte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar