tirsdag 22. juli 2014

Idrettsheltinne

 

Laila Schou Nilsen
NM
tennis                                     85 (74 individuelle og 11 lagmeisterskap). Nordisk meister for kvinnelag 1952. 12 kongepokalar
handball                                 4 (11 landskampar med Grefsen)
alpin kombinasjon                  3
skøyter                                    4
rally bilsport                           5 uoffisielle. Deltok i Monte Carlo Rally fire gonger 

VM – gull skøyter allround               2 (1937 og 1938, uoffisiell meister 1935). Seks verdsrekordar

OL – bronse alpin kombinasjon       1 (ho vann utforrennet)

Første kvinne som fekk Egebergs ærespris, det tok 44 år før neste kvinne fekk prisen


Førr ei dame
OL – gråt og OL – jubel. Medaljar og snørr og tårer og knall og fall. Kvart fjerde år er det på same viset, kor mange medaljar tek Noreg, denne gongen? Først er det utgreiing om kor mange medaljar vi skal få, kvifor vi er så gode at vi må vinne alt. Etterpå er det utgreiing om kvifor det ikkje gjekk fullt så bra som ein tenkte. No er det så mykje teknikk og vitskap inne i biletet når ein snakkar om idrett, at eg vert heilt sjakk matt. Så tidleg spesialisering at utøvarane får slitasjeskader. Så mange verdscup – renn og landskampar og uttak og diskusjonar at eg heng ikkje med, lenger. Annleis var det den gongen Ole Ellefsæter utdanna seg til skogsarbeidar, for på den måten å få gratis trening medan han var på arbeid. Då var det morosamt å vere tilskodar, eg sat og hoppa framfor skjermen i 1968 då han tok OL – gull på femmila og jentut `n tok gull i stafett. Det vart fleire gullmedaljar, den gongen. Kanskje ikkje så mange som i dag, men så var det heller ikkje så mange øvingar.

Min største helt når det gjeld idrett, uansett grein, uansett nasjonalitet, uansett kjønn, er norsk, kvinne og den mest allsidige idrettsutøvaren i alle høve eg har høyrt gjete. Ho var den første kvinna som fekk Egebergs ærespris, det skjedde i 1936 og det gjekk over 40 år før neste kvinne fekk same utmerkinga. Frå utdelinga i 1919 og fram til og med 2012 er det i alt ti kvinner som har fått prisen, mot 42 menn. Sommar som vinter, Laila Schou Nilsen var aktiv, anten det var på snø, på is, på gras eller på bilbane. Då ho la opp som idrettsutøvar kunne ho sjå attende på 101 NM-gull i fem disiplinar, 12 kongepokalar i tennis, to VM-gull på allround skøyter (uoffisiell meister i 1935), OL-bronse i alpin kombinasjon (ho vann utforrennet), Egebergs ærespris, ei byste av henne, utført av Nils Aas. Skøyter, alpint, tennis, handball, rally, dama imponerer.

Sommar

Ein veit ikkje kva ein har før ein skal pakke og flytte. Nok ein gong skal eg sortere livet mitt og leggje det i kassar og sekkar og frakte det med meg frå A til B. Får eg napp på jobb til hausten vert det gjerne endå ei flytting før året er omme. Det gode med det er at eg kan få hivd noko eg ikkje lenger har bruk for, men som eg av ein eller annan grunn har teke vare på. Det kan jo kome til nytte eller det kan syast om, ordnast, vølast, brukast ein gong til. Så vert det liggande der og ta opp plass. For kvar flytting tenker eg at no skal eg vere flink til å kaste slikt som er utslite. Eg lærer visst aldri. Trøystar meg med ordtaket om at den som er ferdig utlært er ikkje utlært, men ferdig.

mandag 12. mai 2014

Om å vere god og/eller lukkeleg


Eg held på å lese korrektur på ei masteroppgåve. Oppgåva handlar om korleis folkedans kan brukast i arbeidet med å integrere menneske med psykisk utviklingshemming. Masterstudenten har instruert ei gruppe av dei vi kallar utviklingshemma og ei gruppe av folkedansarar. Ho fortel at dei som ikkje får til stega med ein gong, lagar sine eigne løysingar. Dei finn sine eigne måtar å utføre dansen på. Dei fleste av oss har styrke nok i oss til å greie meir enn vi trur. Møter vi ei hindring treng vi ikkje gjere som Bøygen og gå utanom. Vi kan finne utvegar og gå rakt i gjennom. Trur det var filosofen Arne Næss som ein gong sa noko om at det var lurt å gjere noko ein ikkje er så frykteleg god til. Det gjer eg gjerne, dersom det gjev meg sjølv glede. Nett no har eg songpause, men eg har sunge i kor i mange år. Noko stor songar vert eg aldri, det har eg innsett for lengst, eg traktar ikkje etter solistrolla. Men eg trivst som ein alt blant andre altar og har eg ein stødig alt bak meg og gjerne ein ved sida mi, kan eg syngje tåleg bra. Ein stor dansar vert eg heller aldri, men eg har gått på kurs i flamenco og eg har gått på kurs i magedans. Begge deler like moro, eg kosa meg og lærte mykje om dans og om kroppshaldning. På samlingar der det er dans, hender det at eg dreg eldstebroren min med meg ut på golvet. Ulikt meg er han flink til å danse og når eg får danse med han har eg det moro og lærer endå meir.

Så kvifor skal eg bruke tid på slike aktivitetar som eg berre vert middels flink i? Skal eg ikkje heller bruke tida til å perfeksjonere dei talenta eg har og utvikle endå meir dei områda der eg faktisk er god? Eg ser det slik at det som gjer meg lukkeleg, faktisk gjer meg, ja om ikkje nett god, så i alle høve betre.

fredag 28. mars 2014

Så som i himmelen

Mektig film. Om menneska i eitt kyrkjekor ein stad i Sverige.
"Flesket rør sig" - Holmfrid, som endeleg tek eit oppgjer med mobbaren Arne.
"Tøyta" - Lena, som er den som ser menneska rundt seg.
Arne, som vil så mykje og som trampar med sine sjumilsstøvlar inn i andre si sfære.
Siv, som strir med å finne sin ståstad.
Inger, som elskar mannen sin, men ikkje greier å leve saman med han, lenger.
Presten - puritanaren, som er så redd for å gjere ei synd at han ikkje torer å leve.
Gabriella, som til slutt vågar å ta kontrollen i eige liv.
Daniel - dirigenten, fiolinisten, musikaren som vert mistrudd av presten.
Presten har sin spion, Siv, i koret, han lyttar skamlaust via høgtalaranlegget, til private samtaler.
Her er mange minneverdige scener, best hugsar eg kanskje desse
1. Daniel seier at alle har sin eigen, heilt unike tone. Dei står i ein ring på golvet, hand i hand og prøver å finne kjelda i seg sjølv. Brått ser vi at det skjer noko med Gabriella, ho finn si kjelde, sin tone. Det skin av andletet hennar, ho syng som ho aldri har gjort og Daniel berre ser på henne og smiler.
2. Erik reiser seg, ved festbordet, og fortel om kjenslene sine for Florence. Ho vert først litt forfjamsa, så reiser ho seg. Erik er redd i auga, og så skifter synsvinkelen til Lena og Daniel. Erik skriv namnet til Florence med gullskrift på himmelen, og eg vil vite kva svar ho gjev han. Seinare i filmen får vi svaret, men eg vil vite det der og då, ikkje berre skjøne det, ein halvtime lenger ute i filmen.
3. Presten kjem inn og fortel at kyrkjerådet etterforskar Daniel og at han har fått sparken. Heile koret reiser seg og går til skulestova og Daniel og held fram med øvingane hos han.
4. Gabriella går endeleg frå Conny og søkjer støtte i koret. Han kjem og er full og vil hente henne heim. Koret tek eitt steg fram og stengjer vegen for han.
5. Dei står oppstilt på scena i Austerrike og ventar på dirigenten, som ligg døyande på eit toalett i etasjen over. Dei tek til å syngje, Tore først, så Gabriella, så dei andre. Den eine etter den andre i salen reiser seg og til sist står alle og held kvarandre i hendene og syng.

Best likar eg kanskje Erik, denne eldre, stillfarande mannen, som ikkje gjer mykje av seg, men som alltid er der. Då Gabriella ikkje veit kvar ho og ungane skal gjere av seg, er det Erik og Florence som bed henne om å kome heim til dei. Då Daniel er slegen helselaus av Conny og fortel koret om barndomen sin, er det Erik som hentar ein stol til han og som seier: Velkomen heim.

onsdag 29. januar 2014

Elisabeth Meyer

 
Portrett av Elisabeth Meyer, 1924.
 
Elisabeth Meyer (1899 – 1968), journalist og fotograf
«Førr ei dame». På 1920 - og 1930 – talet reiste ho rundt i verda. På eiga hand, åleine, skreiv og fotograferte. Ikkje var det dei enklaste stadane ho oppsøkte, heller. Persia, India, Irak, Tyrkia… Ho møtte og intervjua og fotograferte personar som sette namnetrekket sitt i historiebøkene. Mahatma Gandhi, Kemal Atatürk, kong Faisal i Irak, Indira Nehru. Redd av seg var ho ikkje, reisene kunne by på ulike vanskar, toget kunne verte ståande i timar og dagar, vegar var ofte uråd å køyre. I boka En kvinnes ferd til Persia fortel ho om vegen fram til Iran, m.a. om då vatnet gjekk så høgt at då sjåføren, som vart kalla Longlegg, hoppa uti stod han i vatn til langt opp på låra.
Ho seier i føreordet at draumen om Orienten hadde ho hatt i mange år, men ingen ho snakka med ville vere med. Ho fann til slutt ut at skulle det verte noko av, måtte ho reise åleine.
At denne dama kunne verte fullstendig gløymt etter sin død, er meg ei gåte. No har heldigvis Preus Museum gjort noko med saka. Ein biografi kom ut i 2013, Elisabeth Meyer: rapporter fra verden 1920 – 1950. Sjølv held eg på å lese meg gjennom det ho sjølv skreiv, eg frydar meg over både fotografiske og skriftlege bilete i boka En kvinnes ferd til Persia. Deretter har eg liggande på vent En kvinnes ferd gjennem India. Eg gler meg.
 Bibliografi
De små og store dyra våre i bilder og tekst 1949
  • En kvinnes ferd gjennem India 1933
  • En kvinnes ferd til Persia 1930 (Svensk utg. 1932)