Laila Schou
Nilsen
NM
tennis 85 (74
individuelle og 11 lagmeisterskap). Nordisk meister for kvinnelag 1952. 12
kongepokalar
handball 4 (11
landskampar med Grefsen)
alpin
kombinasjon 3
skøyter 4
rally
bilsport 5
uoffisielle. Deltok i Monte Carlo Rally fire gonger
VM – gull
skøyter allround 2 (1937 og
1938, uoffisiell meister 1935). Seks verdsrekordar
OL – bronse
alpin kombinasjon 1 (ho vann
utforrennet)
Første kvinne
som fekk Egebergs ærespris, det tok 44 år før neste kvinne fekk prisen
Førr ei dame
OL – gråt og
OL – jubel. Medaljar og snørr og tårer og knall og fall. Kvart fjerde år er det
på same viset, kor mange medaljar tek Noreg, denne gongen? Først er det
utgreiing om kor mange medaljar vi skal få, kvifor vi er så gode at vi må vinne
alt. Etterpå er det utgreiing om kvifor det ikkje gjekk fullt så bra som ein
tenkte. No er det så mykje teknikk og vitskap inne i biletet når ein snakkar om
idrett, at eg vert heilt sjakk matt. Så tidleg spesialisering at utøvarane får
slitasjeskader. Så mange verdscup – renn og landskampar og uttak og diskusjonar
at eg heng ikkje med, lenger. Annleis var det den gongen Ole Ellefsæter utdanna
seg til skogsarbeidar, for på den måten å få gratis trening medan han var på
arbeid. Då var det morosamt å vere tilskodar, eg sat og hoppa framfor skjermen
i 1968 då han tok OL – gull på femmila og jentut `n tok gull i stafett. Det
vart fleire gullmedaljar, den gongen. Kanskje ikkje så mange som i dag, men så
var det heller ikkje så mange øvingar.
Min største
helt når det gjeld idrett, uansett grein, uansett nasjonalitet, uansett kjønn,
er norsk, kvinne og den mest allsidige idrettsutøvaren i alle høve eg har høyrt
gjete. Ho var den første kvinna som fekk Egebergs ærespris, det skjedde i 1936
og det gjekk over 40 år før neste kvinne fekk same utmerkinga. Frå utdelinga i
1919 og fram til og med 2012 er det i alt ti kvinner som har fått prisen, mot
42 menn. Sommar som vinter, Laila Schou Nilsen var aktiv, anten det var på snø,
på is, på gras eller på bilbane. Då ho la opp som idrettsutøvar kunne ho sjå
attende på 101 NM-gull i fem disiplinar, 12 kongepokalar i tennis, to VM-gull
på allround skøyter (uoffisiell meister i 1935), OL-bronse i alpin kombinasjon
(ho vann utforrennet), Egebergs ærespris, ei byste av henne, utført av Nils
Aas. Skøyter, alpint, tennis, handball, rally, dama imponerer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar