fredag 25. februar 2011

Tilstandsrapport

Var på quiz, på The Shamrock, i går. Det vert ikkje siste gong, men eg må friske opp gamle allmennkunnskapar. Greitt med vener som er gode på ulike ting, eg er god på gamle langrennsresultat, og elendig i geografi, der er det andre som er gode. Together we are dynamite!!

søndag 20. februar 2011

Tilstandsrapport

Å lese til eksamen. Å ikkje vite kva oppgåver vi får, må lese på alt. Kva skal eg prioritere, kva har læraren lagt mest vekt på, i året? Eigentleg viser ikkje eit eksamensresultat kva eg kan, berre kva eg kan om dei aktuelle oppgåvene, på eksamensdagen. Ikkje alt det andre eg har lese, som eg kanskje ikkje får spørsmål om, i det heile. Så sit eg med boka i eine handa, pennen i hi og nervane boblar og tankane vil heilt andre stader. Kvifor les eg dette, eg burde sikkert repetert meir av det andre stoffet, og så burde eg heller gjort oppgåver, nei, forresten, kanskje lese litt meir først.

fredag 18. februar 2011

Nikka-biografi, bokmelding

Nikka Vonen
Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne.
Forfattar: Greta Hekneby
Selja Forlag, Førde 2010
Forfattaren har skrive ei viktig bok, det var på tide at det kom ein biografi om ei kvinne som har sett så store merke etter seg som Nikka Vonen har gjort, både i bygda der ho budde, og elles.
Forfattaren har gjort grundig research, ho har funne mange kjelder. Det eg saknar mest er ein større kritisk distanse til hovudpersonen/objektet for biografien. Som det no er, vert det eit kronologisk referat av livet til Nikka Vonen, frå fødsel til død. Det er ingen kritisk forskar som grev seg ned i stoffet og stiller spørsmål ved val Nikka Vonen gjorde, som spør seg kvifor og korleis. Tvert om verkar det som ho er innstilt på å gje eit så positivt bilete som råd av den biograferte.
Eit tema eg gjerne skulle fått vite meir om er dette:
Kvifor nytta ikkje NV sjølv landsmålet? Når ho då ikkje brukte landsmålet og tydelegvis ikkje merka seg at ein nabo debuterte med dikt på landsmålet, i 1929, kvifor vert ho då i tittelen kalla ”målkvinne”? Var interessa for målsak knytt til personar meir enn til sak, som forfattaren sjølv nemner?
Språkvask
Her er ein del sitat, ting kjem att fleire gonger. Som sitatet om drengen som meinte Nikka hadde mykje vit. Det får vi først servert på side 108, der står det: ”Du Nikka, te kvinnfolk å vere he du mykje bra vet.” Seinare kjem sitatet att på side 158, då står det: ”Te kvinnfolk å vere, har du mykje godt vit.” Andre gongen er det også sett i kursiv. Det verkar litt overflødig å gjenta det og dessutan endre det frå gong til gong. Står eit sitat i hermeteikn bør det vel også vere pinleg korrekt. Eit anna døme på gjentaking er livssoga til Bertel Vonen. Først er den trykt i Nikka Vonen si språkdrakt, deretter i Greta Hekneby si omsetjing til normert norsk. Ho seier at ho har gjort dette med tanke på yngre lesarar. Personleg trur eg ikkje den yngre garde vil ha problem med å lese teksten slik Nikka Vonen skreiv han.
Kanskje er det forlaget som har lite røynsle med å gje ut biografiar? Boka hadde nok ikkje hatt vondt av ein gjennomgang til, i alle høve ein språkvask.
Boka er todelt, i tillegg til biografien, som ber preg av eit kronologisk samandrag, inneheld boka mange av tekstane som folkeminnesamlaren Nikka Vonen samla og skreiv ned. Dette har stor verdi som lokalhistorie, tidsbilete frå ei tid som er forbi og er forvitneleg lesnad.
Nikka Vonen hadde kontakt med og kjende mange, kjende kulturpersonar og andre. Eit personregister bak i boka ville auka bruksverdien mykje.
Som eg ser det, har boka større verdi som eit lokalhistorisk dokument, enn som ein biografi.

onsdag 16. februar 2011

Tilstandsrapport

Hald deg i form, ta ein litteraTUR kvar dag.
Eg las dei fire første "Min kamp" - bøkene til Knausgård, då hadde eg fått nok. Det er grenser for kva eg vil vite om ein person. Korleis driten til Knausgård ser ut og korleis nabokona var kledd for tjue år sidan og kor mange vinflasker han greier å helle i seg i løpet av ein dag, er for meg totalt uinteressant. Fyren skriv godt og første boka var GOD, men dei tre neste kunne han (eller forlaget) korta ned til det halve. Ikkje alt i eit liv er interessant for ålmenta.
Då tek eg heller fram att Johan Falkberget sine bøker. Ja, då, eg veit eg er gammaldags, men "Den fjerde nattevakt" er framleis den beste kjærleiksromanen eg har lese.

torsdag 10. februar 2011

Tilstandsrapport

Etter to dobbelførelesingar og deretter gruppearbeid, er det vel snart på tide å vandre heim. Ute er det mørkt og i magen er det tomt og i morgon er det nye prøvingar med PHP. Ha ein fin kveld.