torsdag 29. august 2024

Kjøkkenskrivaren

 

Brukte nokre timar på kjøkkenet, i går. Målte opp, hakka, kutta, steikte og kokte. Sju beger med pastasalt, det vert gode middagar, framover. Etterpå var det oppvasken, han tok nesten like lang tid. Rart kor mykje rot det vert av matlaging. Men no ser kjøkkendisken fin ut, att. Så lenge det varer. I morgon tenkte eg å lage kjøtkaker. Skal berre sjå om egget er brukande.

Hyggeleg inne-syssel å arbeide på kjøkkenet. Ute er det: "vere- inne -og- kose -seg -vèr".

Det kan jamvel tenkjast at dette kjøkkenarbeidet mitt tener som ein liten slankekur. Når ein lagar mat og står i matos, fleire timar, vert ein liksom mett av lukta.

fredag 23. august 2024

Treningsøkt

 

 

Åtte glas med nylaga plommesylte stod på kjøkkenbenken. Så måtte eg rydde og vaske opp kjørela og få alt på plass att i skuffer og skåp. Eg måtte få levert panna og ausa som eg hadde lånt hos øvrigheita. Då eg skulle ned att fann eg ut at eg skulle ta ei økt på sykkelen. Han var brått skubba meir inn mot veggen og utebordet, det var vel potteplanta som skulle ha plass og få kome under tak.

Først prøvde eg å flytte eitt bord som stod der. Det var då det skar seg. Eg trudde bordet var i eitt stykke. Det viste seg at steinplata var laus. Og tung. Der stod eg med ei tung steinplate i hendene. Understellet stod att, men så var det å få det på att, då. Eg fekk lirka telefonen opp av lommen og ringde dei eg nett hadde vore hos og levert panne og ause. Då ho tok telefonen sa eg at no måtte ho «sjå i nåde til meg, arme, syndige menneske». Eg bad henne kome ut i trappa, så la eg på. Bordet var tungt, som sagt, og eg hadde ikkje lyst til å stå og halde på det lenger enn naudsynt. Men eg høyrde ho tenkte høgt, før eg fekk lagt på: «no har ho ramla ned trappa». Men det hadde eg ikkje, ikkje ein einaste finger var broten eller forstuva. Ho såg kjapt kva som var på ferde, då ho kom. I fellesskap fekk vi flytta steinplata dit ho skulle og lirka alt på plass. Så kom eg meg opp på sykkelen og fekk såleis trena både armar og føter, den økta.

torsdag 15. august 2024

Handletur

 

Ein vanleg handletur, dvs ein tur innom ein matbutikk, tek meir og meir form av ein vitskap. No har eg fått dilla på kavring og surmjølk til kvelds. Det skulle vere overkommeleg å handle inn to ingrediensar. Her ein dag var eg på butikken og skulle kjøpe med meg ein kartong med surmjølk. Først måtte eg bla meg gjennom diverse Q-mjølk med smak og Biola med diverse smakar. Eg spurde ei som stod og fylte opp i hyllene, om dei hadde surmjølk, eller kefir, men ho skjønte ikkje kva eg meinte. Eg tok med ein Biola-kartong bort i kassen. Der sat Magnhild og eg spurde om dei ikkje hadde vanleg kefir, lenger. Jau, då, heilt nede og til høgre. Der fann eg då endeleg kefir, heilt utan nokon tilsett smak. Så var det kavringar. Eg trefte på same dama som i stad og spurde kvar kavringane var. Ho spurde om det var havregryn eg meinte. Då gav eg opp og gjekk rundt alle reolane eit par gonger, heilt til eg fann kavringane. Eigentleg burde eg vel kjøpt ein to-tre posar, når eg først fann dei. Det hender nemleg at dei flyttar på seg, og no er eg lens.

fredag 9. august 2024

Haust

 Rart så fort sommaren gjekk. No er det visst haust. I alle høve er det grått og, ikkje minst, vått, utanfor. Det er nesten så eg må ta på fullt oljehyre berre eg skal opp og sjå etter post. 12 varmegrader, så det er langt frå kaldt, men det er så grått, alt. "Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå..." Men når skodda heng nedover fjelltoppane er det som fjelltoppane har gøymt seg.

Ja, ja, regnet gjer godt for jorda og hausten kan verte fin, han.

mandag 5. august 2024

Fest heile helga

 Det er lenge mellom kvar gong eg er på fest der eg pyntar meg. Oj, der  var det ein liten flekk frå sist eg brukte antrekket, det la eg ikkje merke til då eg hengde det inn i skåpet. Men det er berre eitt lite, på ermet, så det får fare.

Først dreg eg til ei veninne, der skal eg overnatte i helga. Dei er nett ferdige med slåtten, så då får eg vere med på slåttegrauten, sjølv om eg ikkje har teke mi hand i ei rive eller ein stuttorv, heile sommaren. Om kvelden pyntar eg meg så fint eg kan. Så går eg ned i stova til dei andre: Kan eg gå slik? Etter at antrekket er godkjent, kjem eg på at eg må låne ei lita veske. Det får eg og fargen matchar skorne heilt perfekt.

Festen var fin, jubilanten fekk mange gode ord å varme seg på, til hausten. Det fastlagde programmet var fint, det same var dei impulsive innslaga. At eg var med på quiz-laget som kom nest-sist får så vere. Etterpå hadde eg tinga skyss med ei som skulle forbi der eg overnatta. Eg ymta om at eg kunne gå av i krysset, men ho ville køyre meg heilt fram. Det var eg glad for, sidan regnet gjorde sitt beste for å bløyte opp vegen.

Alt i alt, ei fin--fin helg og ein fin-fin fest.