Eg skriv soga
om slekta mi. Eg vil ha med litt historie om livet dei levde, korleis kvardagen
var, kva åt dei, kva gjorde dei på, om kveldane? Ikkje så mykje eg veit, men eg
skundar meg og skriv ned det eg veit, det mor mi fortalde. Så plagar eg eldre
slektningar med spørsmål. Det eg angrar mest på, i mitt liv, er at eg ikkje
spurde bestefar meir, då eg hadde høve. Men var vel eg særleg interessert i «gamle
dagar», då eg var tretten år? Tenk kva han kunne fortalt, om eg hadde masa og
spurt. Men litt veit eg. I alle høve den meir nære soga. No driv eg og skriv om
skulevegen til mor mi. Det var noko til tur, det var ikkje berre å setje seg på
ein buss og verte frakta dit ein skulle.
Dette
slektstreet trur eg kjem til å fylle ei heil bok.