søndag 25. februar 2024

Tre-fire årstider same veka

 I år får visst ikkje naturen bestemt seg, om det skal verte vinter eller vår. Eine dagen regnar det, så det meste av snøen og isen forsvinn. Neste dag er det kaldt og snøvêr, att. Nett no snøar det på tredje dagen, det ligg snø på bakken, medan trea er berre. Kvar morgon står eg i døra og ser ut på vèrtilhøva og kjenner litt på temperaturen. Eg lurer på kva sko eg skal bruke i dag. Er det glatt må det verte vintersko med broddar på, er det tøya på vegen kan eg nytte Hoka-skorne. 

Desse broddane er så tronge og vanskelege å få på, at no har eg dei sitjande på vinterskorne heile vinteren, så eg ikkje treng å ta dei av og på, heile tida. Ein annan ting er jo at dersom ein skal innom ein butikk må ein ta av seg broddane. Eg har eitt par innesko som eg har liggjande i sekken. Skal eg inn på eitt av handelshusa tek eg berre av meg skorne og tek på meg inneskoa. Når eg har handla ferdig, byter eg om att. Av med inneskoa og på med vinterskoa.

Det er mange val som skal takast, i løpet av ein dag. Eg har to sekkar som eg byter litt på. Dersom eg i farten tek den som skorne ikkje ligg i, må handleturen setjast ut til neste dag. Eller så tek eg sjansen.

 

fredag 23. februar 2024

Au-au kne

 Trefte ei veninne, i går, på kafé, vi vart sitjande ei stund og prate over kaffien. Då ho spurde korleis det gjekk måtte eg sjølvsagt klage over kneet som har plaga meg sidan nyåret. Så orsaka eg meg og sa at folk var vel leie av å høyre på sutringa mi. Det gjekk greitt, sa ho, stundom måtte ein få lov til å klage seg litt. Det er sant, det gjer godt, ein gong eller to. Men ikkje alltid og ikkje heile tida.

Eg tenkjer på dei som har amputert, anten det no er ein fot eller eitt anna 
lem. Eg har då to føter og to kne og eigentleg ikkje noko å klage over. 
Dessutan, dersom eg er flittig og gjer øvingane mine, vil nok undersåttane  
verte betre, etter kvart.

fredag 16. februar 2024

Morgonstund(er)

 I går fekk eg vitjing av eldste bror mn. Vi vart sitjande og prate om far vår, kva vi hugsa var litt ulikt. Somt hugsa eg og somt hugsa han. Då eg fortalde om eitt minne eg hadde frå eg var to år, meinte han at det gjekk ikkje an, men det gjer det. Eg påstår ikkje at eg hugsar mykje frå så tidleg, men eitt glimt eller to har eg, frå toårsalderen.

Det vart så mykje mimring at i natt fekk eg ikkje sove. Eg låg og tenkte på barndomen, på bestefar og på mor og far. Eg kom på fleire episodar di lenger eg låg og vrei meg og di meir klokka vart. Eg la meg halv eitt og stod opp att fem. Eg laga meg frukost og vel ferdig med han, sette eg meg til å spøte.  Etter ei stund sovna eg på sofaen og vakna av at telefonen ringde. Då var det berre å stå opp for andre gong i dag og starte dagen enno ein gong. Godt ein får fleire sjansar i livet.