lørdag 29. januar 2022

Kjøkkenskrivar

 

Kjekt å vere kjøkkenskrivar når skrivelysta tek pause. Etter ein dag med fire fylte glas med fikenmarmelade var eg så godt i gang at eg laga salat med sild i same snuen. Men då var eg fint ferdig, òg. Hadde eigentleg tenkt å pynte peparkakene eg hadde laga, tidlegare, men det sette eg ut til ein annan dag. Vel var eg nøgd med eigen innsats, men det er ikkje verdt å overdrive. Kan ikkje verte alt for sjølvgod, heller.

Skal eg prøve å bake brød, att, tru?

søndag 2. januar 2022


 GODT ÅR OG GOD HELSE

Dette vart ein løyen haust. Vel har eg fått diagnosar før og vel har eg fått medisinar mot både eitt og hitt. Stundom har eg kjent meg som ein apotekar på privaten. Så må ein hugse å fylle på både med medisin for diabetes og blodtrykk, og saltvatn og linsevæske og kontaktlinser. Men alt dette er til å leve med, så lenge eg kjem meg på eit apotek-utsal og så lenge  eg er i stand til å gå på butikken. 

Men når føtene skrantar, kjenner eg meg makteslaus. Eg kjende at eine kneet og eine fotabladet streika når eg gjekk på asfalt. Så prøvde eg salve som skulle vere så god, men det var no filla hjelp i. Så gjekk eg til innkjøp av sko med ekstra god demping og dei hjelpte godt. Men skaden er der og vondt gjer det og færre vert turane. Men heldigvis er det ikkje konstant verk. For å seie det slik, eg haltar berre når eg går. Kva dokteren sa? Jau, ho fann ut at eg var nærmast plattfot og difor hadde fått noko som ho kalla «plantar fasciitt». I kneet var det begynnande slitasje, men førebels var det ikkje grunn til å gjere noko operativt. Men ho skrytte av skorne mine, det var ei god investering å kjøpe skikkelege sko. Så var det viktig å bevege seg, sa ho. Eit medlemsskap på treningssenter ville ikkje vere dumt. No er turane redusert til ein eller to gonger i veka og då tek eg bussen så langt det går. Så mitt første prosjekt i januar vert å ta bussen til treningssenteret, trene der ein times tid og så ta bussen heim att. Nett no har eg ikkje noko val.