AstrupFlammen
over Jølster
Seks
år tok det å lage filmen. No vert han vist på kinoar rundt i fylket. Premiere
04. oktober. Eg var på førpremiere i Førde sundag 29. september. Så startar
arbeidet med å gjere han kjent, selje han inn til fleire land.
Filmen
er sjåverdig, han gjev eit innblikk i livet til målaren og vi vert betre kjende
med Nikolai og Engel.
Men
kvifor snakkar Astrup (i filmen) dansk? Dei som står bak filmen argumenterer
med at Thure Lindhardt er ein så god skodespelar at dei måtte ha han, spelet
var så godt at då fekk han heller snakke dansk. Skodespelaren var god, men eg
spør meg sjølv om det i løpet av seks år ikkje var råd å finne ein norsk skodespelar
som var god nok til å spele Astrup. Henriette Marø som spelte Engel var
glitrande, nett slik i alle høve eg har tenkt meg henne.
Ein
ting eg er lei av, er dette med at kristne alltid skal framstillast som
mørkemenn, det vere seg i litteratur, film, musikk. No hadde Nikolai eit
anstrengt tilhøve til far sin. Men sokneprest Astrup var jo også eit menneske,
ikkje berre prest. I filmen vert han framstilt som ein dyster mørkemann. Han
prøver å kvele skapartrongen i sonen ved å sende han til Trondheim på
latinskule. Han nektar han skulepengar til Kristiania, til Harriet Backer sin
målarskule. Han går frå løftet sitt om at Nikolai skal få kjøpe våningshuset på
prestegarden. Preikene hans er uendelege og ingen får forlate kyrkja før han er
ferdig.
Som
ei motvekt står mor til Astrup, ho skaffar skulepengane han treng for å reise
til Kristiania for å gå på målarskule. Men elles er ho lite nemnd i filmen.