fredag 26. april 2019

Med lakrisstrø

Årets første


Ikkje nett kvardagskost, men når det er bortimot 20+ klokka 20, så hender det eg fell for freistinga. God var han, òg.

fredag 19. april 2019

Blybryllup



Blybryllup

Sara Paborn
Gyldendal
2018
Den stillferdige bibliotekaren kjem ein dag heim og finn alle bøkene sine fjerna. Mannen har hivd dei på søppeldynga. Han ser ikkje verdien i oppdikta historier.
I eit hjørne av rommet finn ho ei kiste med ting ho har fått med seg frå barndomsheimen. Blant mykje anna finn ho nokre blylodd. Den stillferdige bibliotekaren vert til ein kjemispesialist. Ho skal kvitte seg med den overlegne og nedlatande mannen ein gong for alle.
I trettini år har han sett hånleg på «hobbyen» hennar, å lese bøker. Fantasi har han ingen bruk for, oppdikta personar er berre tull. I hans verd er det kablar som gjeld, heile livet har han strekt kablar. Og lytta til boggie-musikk.
Litt vel mykje detaljar om gifter og verknadane for ein som ikkje er særleg kjemiinteressert. Men fornøyeleg å lese om korleis ho må handtere uventa problem som måtte dukke opp.
Då ein skule i nærleiken skal leggjast ned og dei må kvitte seg med alt av litteratur og alt som finst på kjemilaboratoriet, ser Irene det som eit teikn. No har ho lese seg såpass opp på faget at ho veit kva ho kan gjere med det ho finn.
Åtvaring
Les ikkje boka dersom du er over middels irritert over nabokatten. Eller nokon på to bein.

fredag 12. april 2019

Brua


Heimturen


Då han starta på heimvegen var vêret og føret bra. Men det var ein lang køyretur og møtet hadde vart lenge og Jimmy var trøytt, så han køyrde ikkje fort og han tok eit par pausar undervegs. Etter kvart mørkna himmelen og regnet tok til å ause ned. Skodda la seg tjukk og gjorde sikta dårleg. Etter kvart vart vinden sterkare og Jimmy såg knapt ein meter framfor seg.
Han sette på litt musikk og lytta med eit halvt øyre. Papira frå møtet låg på setet ved sida av han. Det var noteark med melodiar han skulle øve inn, det var kontraktframlegg frå eit par plateselskap. Det var rikeleg med arbeid som venta når han berre var vel heimkomen. Men før det var det turen og køyringa som kravde konsentrasjonen hans.
Brått vart han var ein mann i vegkanten. Tommelen signaliserte at fyren trengde skyss. Det måtte vere eit viktig ærend som fekk ein mann ut i eit slikt vêr. Anten hadde bilen hans brote saman eller så hadde han vorte like overraska over vêrskiftet som Jimmy hadde vorte.
Uansett, Jimmy stoppa bilen og rydda vekk papira som låg på setet ved sida av seg og førebudde seg på å ta mot haikaren. Døra vart ikkje opna og Jimmy gjekk ut og såg seg rundt, det han kunne sjå i den dårlege sikta. Han fekk ikkje auge på mannen. Han gjekk rundt bilen eit par gonger. Han gjekk litt framfor bilen. Då såg han at brua han nett skulle til å køyre over var vaska vekk i det voldsomme regnet. Hadde ikkje mannen stoppa han ville Jimmy og bilen hamna rett i dei frådande vannmassane. Mannen var borte og det same var brua.

(Det er min tekst, men historia er sann)

fredag 5. april 2019

Scrappetreff


Scrappelaurdag
Sist laurdag var eg i scrappebobla heile dagen. Eit djupdykk i fargeglede og kreativitet. Produksjon av kort og kalendrar og album. Treffet varte heile helga, frå fredag til sundag. Sjølv hadde eg meldt meg på til laurdagen. Nokre kjem frå bygdene rundt om og køyrer att og fram kvar kveld og stiller til ny dyst morgonen etter. Andre overnattar på skulen, på madrassar på klasseromma. Då kan ein scrappe utover natta og stå opp og scrappe vidare, neste dag. Ei intens helg. Noko av det kjekkaste er å prate med folk, sjå kva dei driv med. Nokre er nye og er interessert i å lære. Andre er vidarekomne og interessert i å lære bort. Ein finn likesinna kvar ein snur seg, lidenskapen for scrapping er i større og mindre grad til stades hos alle. Det er nok mange rundt i fylket som kan glede seg til å pakke opp heimelaga julegåver.

Nokre diesar eg stansa ut i løpet av laurdagen
Det som er litt dumt med desse diesane er at det er vanskeleg å få tak i nynorske utgåver. Det finst, men dei er så lite i bruk at butikken kjøper dei ikkje inn, då dei ville verte så dyre i utsal. Difor brukar eg helst slike som "God jul" og "Juleklem". Dei går både på norsk og bokmål.