fredag 29. mars 2019

Jenta i veggen



Lena Lindahl
Jenta i veggen
I skjule for nazistene
Cappelen Damm 2018

Har lese ut boka Jenta i veggen av Lena Lindahl. Til å fryse på ryggen av. Gav visse assosiasjonar til Anne Frank, men medan Anne Frank kunne både lese og skrive og gjere handarbeid når ho måtte vere stille, hadde Betzy Rosenberg ei lita luke i veggen der det var heilt mørkt. Ho måtte ofte sitje der i timevis og svima gjerne av fordi ho ikkje fekk nok oksygen. Avlukket måtte vere hermetisk lukka så ikkje eventuelle hundar kunne snuse seg fram til at ho sat der. Det måtte blendast slik at det var stappmørkt. Ikkje kunne ho lese der, ikkje skrive eller anna, ho måtte berre sitje der og ho visste ikkje kor lenge. Arne var ofte ute på arbeid og kunne vere borte i nokre dagar. Då kunne ho ikkje kveike i omnen, om det vart kaldt. Røyken frå pipa ville avsløre henne. Heller ikkje kunne ho tenne stearinlys, hytta skulle jo gje inntrykk av å vere tom når Arne ikkje var der. Heile tida måtte ho fylgje med på vegen utanfor, om det kom nokon ubedde. Ho måtte til ei kvar tid vere klar til å krype inn i veggen. Ein gong vart ho for sein og måtte berre kaste seg ned på golvet. Der låg ho medan den framande stod utanfor glaset og keik inn. I halvmørkret såg det ut som ein skugge og heldigvis let den forbipasserande seg lure. Han gjekk vidare.
I nabohytta hadde nazistane festar. Dei kunne uventa kome innom og få ting slapp unna auga deira.
Dersom ho svima av, grunna oksygenmangel, ville ingen vite at ho sat der, når Arne var borte. Skulle det skje han noko så han ikkje kunne kome heim, ville ingen andre kome til og berge henne.
Ho visste at Arne tok ein stor sjanse for å redde henne. Dersom dei vart avslørte ville dei begge få dødsdom.

Jenta i veggen er Betzy si forteljing. Ho møtte dei eine mennesket som risikerte livet for henne.
Viktigaste boka eg har lese hittil i år.


torsdag 21. mars 2019

tirsdag 19. mars 2019

Det vårast

Eg er eigentleg ikkje så glad i sokalla "sjølviar", men denne tykte eg var litt artig.


Det er framleis temmeleg mørkt i sju-halv åtte-tida om kvelden. Men det lysnar smått om senn.

lørdag 9. mars 2019

Vårvinter

Laurdag 09.03.19
Klokka 11.00 var det 3 minus. Klokka 14.00 er det 1 pluss. Klokka 09.00 i dag tidleg var det kvitt landskap då eg drog frå gardina. No har sola vore framme ei stund og no er det omtrent berre vegar og bøar.
Etter fleire veker med småsko og snølause vegar, er det visst tid for å finne fram att vinterskorne.


For ei veke eller to sidan såg landskapet slik ut. 
Godt det går mot lysare tider.

fredag 1. mars 2019

Søsteren min på peishylla


Annabel Pitcher
Søsteren min på peishylla
Cappelen Damm, Oslo 2011

Familie og vennskap

Jamie misser eine søstera si under terrorangrepet 9/11, og familien går i oppløysning. Faren legg alle muslimar for hat og søkjer trøyst i flaska, eller flaskene. Mora finn seg ein ny mann og flyttar saman med han. Jamie og søstera Jas tek vare på kvarandre så godt dei kan. På skulen vert Jamie mobba, både fysisk og psykisk. Han vert banka opp på skulevegen og urettmessig skulda for tjuveri. Han får ein ven, ei jente. Ho er sjølvsagt muslim.

Jamie slit mykje med dårleg samvit. Han har ikkje gråte sidan søstera døydde. Han var berre fem år og hugsar henne knapt. Han bryt det fjerde bodet som læraren seier er det viktigaste. Korleis kan han ære faren når han er vener med ein muslim?

Når Daniel, som er verste mobbaren og ein til legg klokkene og nokre smykker i sekken til Jamie og skuldar han for å ha teke dei, er det Sunya som kjem på den perfekte hemnen.
Jamie scorar sigersmålet i ein fotballkamp og vert helten. Daniel bankar han opp så han nesten ikkje greier å gå heim. Jamie må berre ikkje tru at nokon likar han fordi han har scora eit fillemål. Sunya vil finne ein måte å ta hemn over Daniel, men Jamie seier nei. Han vil gjerne ta hemn, men han vil helst vere så tøff at han klarar det sjølv.

Kanskje treng ikkje alt vere heilt perfekt. Kanskje det held at ein gjer så godt ein kan. Greitt nok er kanskje godt nok.