fredag 22. februar 2019

Skjønnhet er et sår


Eka Kurniawan
Skjønnhet er et sår
Pax forlag 2016

Krig og kjærleik på indonesisk


Det lokale biblioteket har noko dei kallar Vinterles-Bingo. Eit ark med 25 ruter, fem rekker. I kvar av rutene kan ein skrive inn ei bok ein har lese. Her er rute for «bok med berre eitt ord i tittelen», «bok med eit namn i tittelen», «bok som har vunne ein pris», «ein klassikar», «ein biografi», t.d. Di fleire ruter ein fyller ut, di større er sjansen for å vinne fine premiar. Ei utfylt rekke gjev eit lodd.
Eg spurde eine bibliotekaren om ho kunne tipse meg om «bok skriven av ein ikkje-vestleg forfattar». Ho føreslo boka Skjønnhet er et sår av Eka Kurniawan.

Kurniawan er ein indonesisk forfattar som har skrive romanar, noveller, teikneserieromanar og filmmanus. Han er omsett til rundt 30 språk. Dette er første boka på norsk. 
Indonesia si historie vert fortalt gjennom dei merkverdigaste menneskeskjebner og groteske og burleske situasjonar.

Dewi Ayu var i si tid byen si mest ettertrakta hore, vakker som ingen andre. Ho fekk fire døtre, tre like vakre som henne sjølv, den fjerde stygg som nøkken. Under krigen vart ho deportert, saman med mange andre. Ho spylte då smykka sine ned i toalettet, då ho ikkje rekna med at fienden ville undersøkje driten til folk. Berre seks ringar svelgde ho ned. Kvar dag kom dei ut med avføringa, ho skylte dei i vatn og svelgde dei på nytt. Dette gjorde ho kvar dag så lenge krigen varde.
Tolv dagar etter å ha fødd fjerde dottera døydde ho. Tjueein år seinare stod ho opp av grava. Ho hadde ei oppgåve ho ikkje hadde fullført.

Her er realisme blanda med myter og magi. Ein gut kan snakke med dei døde, ei kvinne flyg til himmelen etter å ha kasta seg ut frå ein fjelltopp, ei prinsesse gifter seg med ein hund. Her er brutal realisme og handfast erotikk. Dei tre eldste døtrene til Dewi Ayu opplever den type kjærleik som kan gjere ein gal. Til slutt misser dei alt. Også yngste søstera, den stygge, opplever kjærleik, men også ho misser alt. Til slutt finn søstrene saman. No har dei berre kvarandre.

Det fine med Vinterles-Bingo er at ein finn fram til bøker som ein elles ikkje ville lese. Ein får utvida leseverda. Eka Kurniawan hadde eg ikkje høyrt om, tidlegare. Boka er på over 400 sider, men "det merkar du ikkje", som bibliotekaren sa.


torsdag 14. februar 2019

Hyttetur

Min første tur til Dagsturhytta i Førde.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar. Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, sparebankstiftinga og kommunane. Det er 26 hytter i fylket, ikkje alle er opna enno, men det kjem. Eit flott tiltak for å få folk ut på tur.

Med stavar og broddar og litt lenger tid enn topptrente ville brukt. Men eg er pilatre nøgd med at eg greidde det






lørdag 9. februar 2019

Pleddet mitt


Vert visst aldri ferdig med dette pleddet mitt. Det starta med at eg fann eit nøste godt nedpakka i ein sekk. Du veit, eit digert nøste som skulle halde til eit pledd eller eit sjal. Når eg no først hadde kjøpt det så fann eg ut at eg fekk no bruke det til noko, så eg la opp og strikka i veg. Men det er rimeleg kjedeleg å strikke berre att og fram. Auke ei maske i starten av kvar omgang, så omgangane vert jo sakte større og større. Vil helst ikkje tenkje på kva tid eg starta på prosjektet og kor lang tid eg har brukt. No har eg kome halvvegs og då skal eg felle ei maske i starten av kvar omgang. Då ser eg i alle høve at omgangane vert mindre og mindre. No er eg sterkt i tvil om det faktisk er nok til eit heilt pledd. Kanskje eg kjem så langt at eg har att rundt 50 masker og så har eg ikkje meir garn. Kva gjer eg då?

lørdag 2. februar 2019

Strikkekafé

Handarbeidsglede

Det er så moro med kreative folk.  Ein finn ut at torsdagane er det lite folk på kafeen, då lagar vi strikkekafé  to siste timane av opningstida. Ein kollega er heilt samd og så legg dei det ut på kafeen si side på facebook, at komande torsdag er det ope for strikkeglade og strikkegale. Alle som var der tykte det var ein strålande idé og vi var samde om at dette hadde vi sakna og ville gjerne halde fram med.
Initiativtakarane i full konsentrasjon


Unge og "eldre", strikkande og heklande. Nokre har strikka heile livet, andre har nett starta, nokre vil friske opp att gamle kunstar. Her produserer vi hekla sjiraffar, strikka kjøkkenklutar, pledd, sokkar, barneklede.