søndag 21. oktober 2018

lørdag 13. oktober 2018

Ramen shop



Ramen shop
japansk film.

Fin film, langsam, handlar mykje om mat. Tradisjonelle rettar. Etter at foreldra er døde finn han ein koffert full av minne som mor hans har samla. Album, brev, ei dagbok. Det er berre det at boka er på mandarin. Mor hans var kinesisk og faren japansk. Han dreg til Singapore, der onkelen driv restaurant. Han møter ein matbloggar som omset boka for han. Der står det òg om brotet mellom mor hans og mormora. Men kvifor kontakten mellom dei vart broten fortel ho ikkje i dagboka. Han set seg føre å finne ut av familieløyndomane.

Heile vegen er det mat, smaking av mat, utveksling av tradisjonsmat, det er ei kulinarisk reise der Masato finn sanninga om familien, men òg mange delikate og tradisjonsrike oppskrifter.

Hugs å ta med eit beger med popkorn eller anna kinosnop. For her vert du svolten.

lørdag 6. oktober 2018

Papirdokker for store og små

Nostalgi

Vi var nokre damer som tok turen til Leonards forlaavelse. Her er det triveleg og godt å vere. Nydeleg mat i vakre omgjevnader. Her er det høve til å sitje ute og nyte sommaren. Er det ruskevêr er det like fint å sitje inne, nyte naturen gjennom store glasdører.
På låven har Tone laga til utsal der ho sel alt frå mønster og garn og tilbehøyr til ferdige plagg, puter og ei mengd andre varer.
Desse arka gjorde meg reint nostalgisk. Eg hugsar desse papirdokkene frå då eg vaks opp og vi fekk gamle vekeblad frå ei hyggeleg nabodame.


No hugsar eg ikkje kva for eit vekeblad dei kom i og kor ofte dei kom. Men eg hugsar eg limte dei på kartong før eg klypte dei ut. Så teikna eg nye klede til dei. Meiner å hugse at det helst var jentedokker, så eg var særskilt glad i å teikne fotside selskapskjolar. Etter kvart fekk dokkene eit garderobeskåp eg sjølv berre kunne drøyme om. Kanskje det var klesdesignar eg skulle vorte.