mandag 19. februar 2018

Mindfullness


Mindfullness?

I formingstida på skulen prøvde eg ut diverse teknikkar. Første vottane eg strikka vart til ein stor og ein liten vott. Då eg prøvde meg på å hekle eit pennal rista læraren på hovudet: «Nei, dette kan du visst bruke som dørmatte». Hardangersaum passa ikkje for ein med mine synsvanskar. På ungdomsskulen skulle eg sy ein bluse. Maskinene der var av det (den gongen) moderne slaget. Eg som var van med mamma si gammaldagse symaskin der ein måtte bruke eine handa til å sveive, var litt uheldig med skulen sine maskiner. Eg trakka pedalen til botnar og maskina raste av garde, det var like før ho letta frå bordet. Det var den karrieren. Sidan har eg (mis)brukt besteveninna når eg har bukser som må leggast opp eller bøtast.

Makramé, brodering, hekling, strikking, teikning, fargelegging, fotografering, figurklypp, scrapping, designe klede til papirdokker.

Lego, sudoku, kryssord, puslespel. Been there, done that

Handarbeid og puslearbeid er trivelege saker, det er greitt å ha noko «på hendene». Eitkvart eg kan sitje med når eg høyrer på radio eller ser fjernsyn. Eller berre skal slappe av, om kvelden. Anten det no er til meg sjølv eller eg lagar julegåver.

Kvar gong eg får ei ny «dille» kjøper eg inn utstyr og samlar ting og tang som eg trur eg treng i næraste framtid. Det har ein tendens til å verte liggjande og så vert det gjerne gløymt. Når eg då ein gong i blant har opprydding finn eg ting eg har gløymt at eg har kjøpt. Halvferdige strikketøy, gamle røter som eg har lagt til turking og hadde planar om å lage juledekorasjonar av, konglar eg skulle pynte med, ministaffeli som eg ein gong tenkte å klæsje måling på. Tusjar, penslar, fargeblyantar, vassfargar. Skamklypte fotografi, gamle fotorammer, utklypp eg sikkert hadde tenkt som bakgrunn til eitkvart.

Godt eg har planar om å verte gammal, så eg får gjort alt eg har tenkt.

2 kommentarer:

  1. Eg kjenner meg så inderleg att i dette! Har huset fult av gamle hobbyar, ting som kan vere kjekt å ha dersom ein skulle starte opp att, eller kanskje det kan brukast til noko eg ikkje har tenkt på enno! Tvilar vel eigentleg på at t.d. 15 år gamle eteriske oljar har så mykje meir å gi, men ein veit aldri!

    Klem fra Ingunn :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein kan aldri vite, det kan jo kanskje brukast til noko. Ein gong.
      Klem

      Slett