Eg kjenner
meg som ein evig student. Det er vel det livet handlar om. Denne våren vart det
mykje nytt å lære. Først fekk eg ein tablett mot blodsukkeret, i tillegg til
dei eg tek for blodtrykket. Så måtte eg fylle på med kosttilskot. Eg hadde for
lite B12, må vite. Det fekk eg påfyll av, i form av sprøyter, for nokre
år sidan. No var det lite att og eg måtte ha påfyll. Denne gongen skulle eg få det
i form av tablettar. Så måtte eg ta D-vitamin. Frå før av tok eg Omega 3. No
ser morgonen min slik ut:
Eg målar
blodsukkeret, fastande. Gjerne blodtrykket, òg, dersom eg hugsar det. Så tek eg
fem sortar tablettar og tre sortar kosttilskot. Då må eg passe på å ete
samstundes, fordi blodsukkertabletten må takast i lag med mat. Så skal eg få
innpå kontaktlinsene og dersom eg skal lese litt medan eg et, må eg bruke
lesebriller utanpå linsene
Dei fleste må
til med lesebriller i femtiårsalderen. Sist eg var til linsekontroll spurde
optikaren kva styrke eg brukte på lesebrillene. «Det brukar eg ikkje», sa eg.
Oi, trur jammen ho vart imponert. Men no, etter fylte 60, måtte eg kjøpe
lesebriller, eg òg. Ja, ja, det er no ikkje så gale, så lenge eg hugsar å ta
dei med meg når eg skal utom døra. Så no har eg - 6 ½ på linsene, for å få betre
langsyn og + 2 ½ på brillene for å få betre nærsyn.
I starten,
med diabetes 2, skulle eg måle blodsukkeret ganske ofte. To timar etter kvart
måltid, m.a. Det var midt i øvinga på MusiCabalen og det vart litt plundrete.
Ikkje hadde eg lyst til å sitje på utstilling og måle medan skodisar og
kostymedesignar og kaffikokar og andre såg på. Det vart eit mas med å passe
klokka og eit drags å ta med seg målaren alle stader. No har eg ete, no må eg ta tabletten og om to timar må eg måle. Eg
prøvde å passe på at eg fekk målt før heile koret og alle skodisane kom
rennande. Stort sett gjekk det greitt. No måler eg stort sett kveld og morgon.
Eg prøver meg fram med maten og måler når eg er usikker på om eg har ete for
mykje, for lite, eller noko eg ikkje burde. Første gongen eg var hos dokteren og
fekk målt sukkeret i blodet var det på 20, fjorten dagar etter var det nede i
8, då skrytte ho.
Det går
overraskande greitt å klare seg utan snopet om laurdagane. Men veit du kva eg
saknar? Ikkje snopet, ikkje sukkeret, ikkje saltet, ikkje dei litt lettvinte
middagane. Nei, eg saknar dei lange, fredelege sundagsfrukostane.
Sundagsfrukosten inntok eg oftast i sofaen, med ein tallerken med tre
brødskiver med godt pålegg, gjerne ei med egg og majones, ei med reker og majones
og ei med skinke. Ein god kopp kaffi og god tid. Strikketøy og lesestoff innan
rekkevidde. No er det ei tunn brødskive som gjeld og er eg meir svolten etter
det, kan eg ta eit knekkebrød eller to. Så om sundagane no for tida lagar eg til
ei god brødskive og to knekkebrød. Så et eg knekkebrøda først og så nikosar eg meg med brødskiva, til slutt.
Berre så synd
at brødet vert mygla før eg får ete det opp. Før åt eg gjerne eit par brød i
veka, no slit eg med å ete opp eitt.