For første gong laga eg til fest for meg sjølv. Fann ut eg måtte nytte høvet, no, og runde dagar er fine høve til å samle slekt og vener til festleg lag. Elles vert det helst i konfirmasjonar og gravferder ein møtest og då berre ei side av slekta. Sidan eg då har bursdag på eit hustre og stundom snøtungt tidspunkt, så la eg hovudfeiringa til olsokhelga. Nokre var på ferie, andre var sjuke. Men tretti personar samlast i løa i Jakob Sande - tunet i Dale. Der hadde vi gammaldags basar, med utlodning av flotte vinstar og ein del av det som kom inn er no sendt til Noregs Mållag. Det var spleiselag med rømmegraut og spekemat, salatar, paiar, rekekabaret, heimelaga saft, sjokolade og bollar til kaffien.
Mellom loddsal og trekking, allsong og mat, var det trekkspel, fele, dans, song, deklamering, gitarar. Takk til alle som var med og gjorde dagen minneverdig.
.
På sjølve dagen, i oktober, tok eg med dei tre næraste veninnene mine og drog på showhelg i Bergen. Der budde vi standsmessig på Hotell Scandic Neptun og laurdagskvelden var vi på showet til Dagfinn Lyngbø,
Supersmud.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar