torsdag 30. juni 2016

Kvardagslukke


Kvardagslukke

Tittelen er vel pitte lite vetta misvisande. Det er ikkje kvar dag eg står på stand under boknatta i Fjærland. Det kan teoretisk skje ein gong i året, rundt jonsok. No var det fire – fem år sidan sist eg var på boknatta. Eg var med og stod på Skrivelaget sin stand, vi selde dei to siste antologiane som Sogn og Fjordane skrivelag har gjeve ut. Dessutan hadde eg med meg eigne bøker. Eg selde litt av antologiane og litt av eigne. På slike dagar er vel det viktigaste at ein får vist seg fram, vise at ein er å rekne med. Mykje folk som stoppar og slær av ein prat, vi delte ut adressen til Skrivelaget si heimeside, der kan interesserte sjekke ut litt kva laget står for og kva vi driv med. 
Om ein ikkje er svolten når ein kjem, vert ein det når nasa kjenner angen av grillmat og nysteikte vaflar, og på slike stader er det alltid ein kjenning å ta ein matpause i lag med. Her kan ein få varmt eller kaldt i koppen, pølser eller anna grillmat, wraps, platekake eller varme vaflar rett frå jarnet. Praten går om bøker og litteratur eller om heilt andre ting.

Lukke 1: stå på stand, prate med mange gamle og nye kjenningar, snuse litt rundt på dei andre standa, spørje og grave, nokre sel ut overskot frå eiga boksamling, nokre sel keramikk frå eigen bruktbutikk, andre sel eigne bøker, nokre sel fotografi, ein flokk ungar hadde funne ut at dei skulle selje leikane sine. På hotellet er det gratisarrangement, føredrag ved Johs B. Thue og andre, i kyrkja er det gratiskonsert ved Henning Sommerro og Ove Røsbak. Dit gjekk eg, og fekk ei fin oppleving. Kyrkja var fylt til trengsel, det var sett fram ekstra stolar langs midtgangen, folk sat på golvet og ute i våpenhuset stod vi som sild i tønne og keik inn. Sommerro og Røsbak leidde oss gjennom tonane og orda til Hans Hyldbak, Edvard Hoem, Alf Prøysen m.fl.

Lukke 2: eg er grueleg glad i bøkene til Anna Gavalda. Første eg las var ”Saman er ein mindre aleine”, etter det har eg vore hekta. Men eg har skjønt, etter kvart at ein av grunnane til at eg likar desse bøkene så godt, har med omsetjinga å gjere. Tove Bakke er, etter mitt syn, det beste som har skjedd omsetjarverda, på lang tid. Hennar omsetjing til eit glitrande nynorsk gjer bøkene til språklege skattar. Då eg oppdaga at ho hadde ein stand på boknatta, greidde eg ikkje å dy meg, eg måtte berre bortom og prate med henne. For å seie det på sunnfjordsk: kjøle interessant å høyre litt om korleis ein omsetjar arbeider og litt om Anna Gavalda sin måte å skrive på.

Lukke 3: eg kasta nokre lengtande blikk opp mot Straumsvåg Antikvariat, medan eg stod og prøvde meg som kremmar. Då klokka gjekk mot ti, sa eg til dei andre som stod der at eg MÅTTE berre ha meg ein tur oppom antikvariatet. Der sat det ein hyggeleg fyr som hadde full oversikt over alle sine hyllemeter med bøker. På mitt spørsmål om førsteutgåver av Jakob Sande sine bøker berre riste han på hovudet. Slikt noko gjekk ut omtrent før dei fekk det inn og eg tenkte at det var kan hende like greitt, så risikerte eg ikkje å blakke meg heilt. Men då eg forsiktig spurde om han hadde førsteutgåver av nokre av bøkene til Johan Falkberget, sa at at jau, det trudde han nok. Eg fekk ei førsteutgåve av eine bandet av serien Christianus Sextus. Grunna at ein annan hadde eigd boka og sett namnetrekket sitt over heile tittelsida, var verdien lågare enn om boka hadde vore heilt feilfri. 350 kr måtte eg ut med, det var nett det same som eg hadde tent på sal av eigne bøker, den dagen, og sopass er yndlingsforfattaren min verd.
Drog frå heimen klokka halv tolv på dagen og var heime att klokka halv eitt om natta. Trøytt i omtrent alle dei lemmer og musklar eg har, stiv i musklar eg ikkje visste om at eg hadde, særleg i føtene, som hadde stått og gått og trakka ein lang dag, men øye, ryse, kjøle nøgd med dagen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar