lørdag 31. desember 2016

Eg miste eit stykke av ein jakel. Det som stod att var ein spiss tagg som irriterte tunga. Tefre `n sleit i ein time, då gav han opp og tinga time hos kjevekirurgen på sjukehuset. Eg var trass alt glad eg skulle få orden på etereiskapen til jul. Men når kirurgiske ekspertar med blankslipte tenger får inn akutte tilfelle, måtte timen min gå ut. Eg fekk ny time, i mars ein gong. Trøysta var at eg har no ei side til eg kan tyggje på, så dette skal no gå bra. Tenkte eg.
Julafta fekk eg mandelen i grauten. og så vann eg pikatre ei runde med bondebridge. Juledag vann eg ei runde med Amerikanar, for første gong i historia, trur eg.
Så tok eg så smått til å tenkje på nyårsynskje. Ikkje for at eg brukar å ha så mange av det slaget, men det høyrer no med å skulle slanke seg, verte sprekare, flinkare, flittigare, til eitt eller anna.
Så kom det noko merkeleg på hi sida i kjeften. Ei betent tann som i alle høve ikkje er god å tyggje på. Høgre kjaken ser ut som eg har putta inn ein tennisball i han.  Så no et eg som ei spissmus, med framtennene, og lurer på om eg omsider greier å oppfylle nyårsynskjet om å gå ned nokre kilo.

Bursdagsfeiring

For første gong laga eg til fest for meg sjølv. Fann ut eg måtte nytte høvet, no, og runde dagar er fine høve til å samle slekt og vener til festleg lag. Elles vert det helst i konfirmasjonar og gravferder ein møtest og då berre ei side av slekta. Sidan eg då har bursdag på eit hustre og stundom snøtungt tidspunkt, så la eg hovudfeiringa til olsokhelga. Nokre var på ferie, andre var sjuke. Men tretti personar samlast i løa i Jakob Sande - tunet i Dale. Der hadde vi gammaldags basar, med utlodning av flotte vinstar og ein del av det som kom inn er no sendt til Noregs Mållag. Det var spleiselag med rømmegraut og spekemat, salatar, paiar, rekekabaret, heimelaga saft, sjokolade og bollar til kaffien.
Mellom loddsal og trekking, allsong og mat, var det trekkspel, fele, dans, song, deklamering, gitarar. Takk til alle som var med og gjorde dagen minneverdig.
.
På sjølve dagen, i oktober, tok eg med dei tre næraste veninnene mine og drog på showhelg i Bergen. Der budde vi standsmessig på Hotell Scandic Neptun og laurdagskvelden var vi på showet til Dagfinn Lyngbø, Supersmud.

torsdag 30. juni 2016

Kvardagslukke


Kvardagslukke

Tittelen er vel pitte lite vetta misvisande. Det er ikkje kvar dag eg står på stand under boknatta i Fjærland. Det kan teoretisk skje ein gong i året, rundt jonsok. No var det fire – fem år sidan sist eg var på boknatta. Eg var med og stod på Skrivelaget sin stand, vi selde dei to siste antologiane som Sogn og Fjordane skrivelag har gjeve ut. Dessutan hadde eg med meg eigne bøker. Eg selde litt av antologiane og litt av eigne. På slike dagar er vel det viktigaste at ein får vist seg fram, vise at ein er å rekne med. Mykje folk som stoppar og slær av ein prat, vi delte ut adressen til Skrivelaget si heimeside, der kan interesserte sjekke ut litt kva laget står for og kva vi driv med. 
Om ein ikkje er svolten når ein kjem, vert ein det når nasa kjenner angen av grillmat og nysteikte vaflar, og på slike stader er det alltid ein kjenning å ta ein matpause i lag med. Her kan ein få varmt eller kaldt i koppen, pølser eller anna grillmat, wraps, platekake eller varme vaflar rett frå jarnet. Praten går om bøker og litteratur eller om heilt andre ting.

Lukke 1: stå på stand, prate med mange gamle og nye kjenningar, snuse litt rundt på dei andre standa, spørje og grave, nokre sel ut overskot frå eiga boksamling, nokre sel keramikk frå eigen bruktbutikk, andre sel eigne bøker, nokre sel fotografi, ein flokk ungar hadde funne ut at dei skulle selje leikane sine. På hotellet er det gratisarrangement, føredrag ved Johs B. Thue og andre, i kyrkja er det gratiskonsert ved Henning Sommerro og Ove Røsbak. Dit gjekk eg, og fekk ei fin oppleving. Kyrkja var fylt til trengsel, det var sett fram ekstra stolar langs midtgangen, folk sat på golvet og ute i våpenhuset stod vi som sild i tønne og keik inn. Sommerro og Røsbak leidde oss gjennom tonane og orda til Hans Hyldbak, Edvard Hoem, Alf Prøysen m.fl.

Lukke 2: eg er grueleg glad i bøkene til Anna Gavalda. Første eg las var ”Saman er ein mindre aleine”, etter det har eg vore hekta. Men eg har skjønt, etter kvart at ein av grunnane til at eg likar desse bøkene så godt, har med omsetjinga å gjere. Tove Bakke er, etter mitt syn, det beste som har skjedd omsetjarverda, på lang tid. Hennar omsetjing til eit glitrande nynorsk gjer bøkene til språklege skattar. Då eg oppdaga at ho hadde ein stand på boknatta, greidde eg ikkje å dy meg, eg måtte berre bortom og prate med henne. For å seie det på sunnfjordsk: kjøle interessant å høyre litt om korleis ein omsetjar arbeider og litt om Anna Gavalda sin måte å skrive på.

Lukke 3: eg kasta nokre lengtande blikk opp mot Straumsvåg Antikvariat, medan eg stod og prøvde meg som kremmar. Då klokka gjekk mot ti, sa eg til dei andre som stod der at eg MÅTTE berre ha meg ein tur oppom antikvariatet. Der sat det ein hyggeleg fyr som hadde full oversikt over alle sine hyllemeter med bøker. På mitt spørsmål om førsteutgåver av Jakob Sande sine bøker berre riste han på hovudet. Slikt noko gjekk ut omtrent før dei fekk det inn og eg tenkte at det var kan hende like greitt, så risikerte eg ikkje å blakke meg heilt. Men då eg forsiktig spurde om han hadde førsteutgåver av nokre av bøkene til Johan Falkberget, sa at at jau, det trudde han nok. Eg fekk ei førsteutgåve av eine bandet av serien Christianus Sextus. Grunna at ein annan hadde eigd boka og sett namnetrekket sitt over heile tittelsida, var verdien lågare enn om boka hadde vore heilt feilfri. 350 kr måtte eg ut med, det var nett det same som eg hadde tent på sal av eigne bøker, den dagen, og sopass er yndlingsforfattaren min verd.
Drog frå heimen klokka halv tolv på dagen og var heime att klokka halv eitt om natta. Trøytt i omtrent alle dei lemmer og musklar eg har, stiv i musklar eg ikkje visste om at eg hadde, særleg i føtene, som hadde stått og gått og trakka ein lang dag, men øye, ryse, kjøle nøgd med dagen.


fredag 26. februar 2016

Svart belte


Marianne Clementine Håheim
Svart belte
Roman, 106 s
Oktober 2015

Brødskiver som knapt eksisterer (s 13)
Forfattaren har brukt barndomen til å redde meitemarkar frå vasspyttane etter regnvêret. Ho har lese bøker om førstehjelp for smådyr. Ho har lært kva som skal til for å halde i live og reparere. No klorar ho seg sjølv for å verte minst mogeleg, for å skrelle vekk det ho ikkje treng (s 15).
Ho ser tydeleg kva dette gjer med foreldra. Ho ser faren sine tårer, men korleis kan ho trøyste når det er hennar skuld at han grin (s 31)?
Teksten er botnlaust ærleg, forfattaren er full av sjølvinnsikt, men fanga av ein sjukdom som syg seg fast. Språket er og nært og rett på sak. Her er ikkje rom for utanomsnakk.

Ei bok til å verte klok av. 
Takk for at du deler, Marianne


fredag 8. januar 2016

Nytt år

Lesegledaren har bevega seg til Brandsøya. Her skal eg vere i helga og fram til måndag, då eg skal kakle og lese og formidle for sjette -  og sjuande - klassane i Flora. Spanande! Kjekt å få vere ein del av kick-starten på "Flora les" Kanskje det vert ein tur på Brandsøy-åsen når eg no først er her, må trimme vekk litt av julegodtet.
Eitt av måla for 2016 er å verte sprekare og gå ned nokre kilo, nett som det har vore i dei siste åra i lange tider. Vekeblada er fulle av tips til korleis ein kan "kose seg slank" og stoff om kvifor det er så lett å gå ned nokre kilo. No har eg absolutt ikkje tenkt å verte nokon syl, ikkje vil eg og ikkje høver det meg. Eg tykkjer kvinner er finast når dei har litt former. Men når det er tungt å bøye seg og klesskåpet er fullt av slikt som "har krympa", er det på tide å gjere eitt grep eller to.