lørdag 28. september 2024

Førebuingar

 Det stundar til jul, i alle høve her i heimen. Kantband er innkjøpt og strameien med tekst og illustrasjonar er brodert og no skal alt berre monterast til forklede og bilete. Plommelikøren er sett og skal berre snuast litt kvar dag, i ein to-tre månaders tid. Nokre makramé-flettingar heng på ei dør og må flyttast kvar gong eg har ærend etter noko inne i skåpet. Kva eg skal bruke flettinga til? Mnja, veit ikkje heilt, men noko vert det, berre eg får tenkt litt.

Fekk beskjed om at adventskalendaren eg hadde tinga, var komen og klar til henting. Oddbjørg var i sentrum og ho lova å hente pakken og ta han med seg. Det gjorde ho, stakkars. Denne dagen gjekk ho, og pakken var stor og uhandterleg. Hadde eg visst korleis han såg ut, hadde eg aldri spurt. Eg har dårleg samvit, enno. Men no er han i hus og det er framleis to månader til advent.

torsdag 19. september 2024

Forventning

 Så fint å ha noko å glede seg til. Forventninga er nesten halve gleda ved opplevinga.

Eg ventar på melding om at stolen eg har kjøpt har kome og kan hentast. Eg har allereie snakka med nokon som kan hente han til meg.

Her om dagen tinga eg ein adventskalendar, på nettet. Han skulle kome til ein butikk nær meg i løpet av ei veke. Det verste vert å vente til advent med å opne han. Det er ein slik som skal opnast kvar sundag og så er det eitt strikkeprosjekt i kvar av dei fire posane. Men kva prosjekta er, står att å sjå.

Eg har skrive ein artikkel i eitt lokalt tidsskrift, som kjem ut i desse tider, eller noko nærare jul. Eg er så spent på å sjå korleis dei har sett han opp, korleis artikkelen min ser ut på trykk.

Kva ventar rundt neste sving? Førjul, adventstida, ja heile livet er i grunnen fullt av forventning.


fredag 13. september 2024

Ny type insekt , aldri før sett

 

Ein morgon opna eg brødskuffa, før eg hadde fått på meg linsene. Eg hadde vel tenkt å ta opp eitt eller anna før eg gjekk på badet. Det var då eg såg insektet midt i blant bananene. Eg greip det første eg fekk tak i, kaffikruset, og prøvde å ta livet av det som definitivt ikkje høyrde heime i skuffa mi. Eg fekk skvisa det såpass at eg tok det opp i den tru at det var steindaudt. Då eg vel hadde fått på meg linsene såg eg kva det var for insekt. Eg hadde stått og myrda stilken på banana.


fredag 6. september 2024

Tilfeldig møte

 

Her ein dag gjekk eg forbi ei dame som var så flott i antrekket at eg hadde lyst å gje henne ein kompliment. Men så tenkte eg at eg kjenner ikkje dama og kanskje ho ikkje ville like å verte tilsnakka av framande folk. Men så smilte ho så fint då ho såg meg at eg berre måtte stoppe og seie kva eg tykte: "Du er så fargerik og flott", sa eg. Ho smilte pent og takka: "Eg er på veg til ei veninne", sa ho. Ho hadde ein varm blåfarge både på overdelen og på buksene, og så hadde ho ein litt sid, oransje frakk utanpå. På toppen hadde ho ein manke med heilt kvitt hår. Nydeleg var ho.

Kanskje vart dagen litt finare fordi nokon såg henne. Det er lov å håpe. Smilet hennar varma i alle høve meg.