fredag 31. mai 2024

Putevar

 

Puta mi

Det er lenge sidan eg kjøpte dei, putevara frå Iren (Iren Kleiven). Ho målar så fint og så brukar ho eitt Jakob Sande-sitat til. Ein søv så godt når ein ligg på ei pute der det står: Ute rår den myrke natt. Sov og drøym du min dyre skatt. Under den bleike stjerne.

Eg har ikkje tort å bruke dei, fordi eg var redd for å vaske dei. No har eg brukt eitt av dei og her ein dag vaska eg det varsamt, for hand. La det i bløyt i lunka vatn, skylte det i varmt. Eg torde ikkje vri det, så eg klemte vatnet ut av putevaret og hengde det opp på snora ute.

Det har tolt handteringa, både teksten og illustrasjonane er like fine.

Bilete tok eg, òg. Men eg trur eg må stryke det, først, før nokon får sjå det.

 

lørdag 25. mai 2024

Det er sommar

 

Det er sommar, det er sol og det er torsdag 

Torsdag hadde eg tenkt å støvsuge stova, vaske badegolvet og golvet på soverommet. Då eg vakna skein sola så varmt inn stoveglaset mitt at eg berre måtte setje meg ut på tunet med morgonkaffien. Eg tok med spøtet og vart sitjande minst ein time. Ein liten tur på sykkelen vart det, òg. Det er ein slik sykkel som står i ro, same kor mykje eg syklar, han er grei slik. Eg hadde ikkje det minste lyst til å starte med husarbeid så eg sa til meg sjølv at eg skulle gjere det når sola hadde kome over hustaket og skein på hi sida av huset. Då ville klokka vere bortimot tolv. For inn gjennom stoveglaset mitt er det morgonsola som rår. Klokka vart både elleve og tolv, og eg tenkte at dagen er lang enno. Husarbeidet kan vente til i ettermiddag.

Det vart gjort, golva vart vaska, stova vart støvsuga, men eg trur eg brukar meir tid til å kvi meg enn til faktisk å gjere det. Eg har i alle fall funne ut at husarbeidet er kjekkast når det er gjort. Dessutan er det viktig å nyte sola og sommaren når vi no først har han her. Golva og sofaen står det framleis når regnet kjem. For det kjem.


fredag 17. mai 2024

Til lukke med dagen

 Der andre land har militærparader i gatene, har vi barnetog. Leikar og is og taler for dagen.

Vi trekte vinnarloddet då vi vart fødde i dette landet. Ikkje alle var så heldige. Til lukke. Måtte alle få ein fin dag.

tirsdag 7. mai 2024

Skiftande skydekke

 

Jaså, så det var den sommaren. Frå 22-25g og sol eine dagen til 9g og regn, neste dag. Men han kjem kan hende att. Sommaren altså.

søndag 5. mai 2024

Sommar

 Det er 21 varmegr midt på dagen. Så no har visst sommaren kome for fullt. Fredag hadde eg nokre ærend i sentrum. Mellom desse kjøpte eg meg ein softis, og sette meg ute på ein benk. Årets første softis, det er for meg eit sikkert sommarteikn.  Eitt anna fint sommarteikn er når ein kan henge ut klesvasken. Det er ingen ting, nesten, som luktar så godt som når ein kan ta inn nyvaska sengetøy som har hengt ute på snora. Det luktar så friskt og eg vert gåande og snuse på det, heilt til eg har lagt det i hop.

God sommar, folkens