fredag 29. mars 2024
lørdag 23. mars 2024
Oppdatering
Time hos spesialisten, denne veka. Han observerte meg medan eg gjorde ulike øvingar, med
hendene og med føtene. Noko var repetisjon frå sist gong, andre var nye
øvingar. Stivheita eg hadde, sist, var heilt borte. Førre gong starta eg å
skjelve med det same eg starta å gå. No gjekk eg lenger og fortare, og skalv
ikkje. Skjelvinga hadde i det heile vorte redusert. Tydeleg at tablettane hadde
hjelpt, så eg skal halde fram med same tablettar og same dose, til neste
kontroll.
Alle tilfelle
er unike, ingen kan seie korleis ein vert om ti-femten år. Nokre vert mykje
verre, andre vert litt verre. Det einaste sikre er at det vert verre.
Men eg kan då
ikkje gå rundt og grue meg til korleis eg vert om femten år. Eg
har i grunnen nok med dagen i dag.
tirsdag 19. mars 2024
Tilfeldige møte
I går handla eg
meir enn eg hadde tenkt. Det er det vanlege, det er alltid noko som ikkje står
på lista, men som eg absolutt skulle hatt. Ein boks her, ein pose der, eitt
ekstra brød. Vogna var fullare og fullare, etter kvart. Vel ute av butikken
sette eg meg på næraste kafè og kjøpte meg ein porsjon suppe. Ikkje fordi eg
var så svolten, men fordi eg kjende trong for ein pause. Suppa var god, det
same var kaffikoppen. Etter ei stund kom Astrid, ei kunstnarveninne innom. Ho fortalde
at no var hauet så fullt av alt ho skulle og måtte og burde og møter og avtaler
at ho måtte ha ein pause. No skulle ho sitje her ei stund og sjå dum ut, som ho
sa. Eg fortalde at eg dreiv omtrent med det same, eg sat og såg ut i lufta og
prøvde å tenkje på ingenting.
Vi hadde ei
hyggeleg samtale. Eg fortalde om desse lokalhistoriske damene eg driv og skriv
om, og så fekk eg høyre om alle hennar prosjekt.
Ikkje trur eg
vi løyste nokon verdsproblem, der vi sat, men vi kom med litt innspel til
kvarandre og det er alltid nyttig. Då vi avslutta og ho hasta vidare til neste
møte, takka ho for ei deileg samtale, så litt nytte gjorde vi vel der vi sat og
«såg dumme ut».
fredag 8. mars 2024
mandag 4. mars 2024
Strikkeprosjekt
Det starta med ein dokter-time. Eg vart sitjande og sjå på gensaren som dokteren hadde på seg. Då eg kommenterte at han var fin, fortalde ho at ho hadde spøta han sjølv. Ho skreiv ut mønsteret frå PC-en og fortalde kvar ho hadde kjøpt garnet. Etter timen dura eg ned på garnbutikken og fekk tak i garnet, som dei skulle slutte med og difor selde ut til halv pris. Eg fann "mine" fargar og sette i gong.
Det tok både hausten og jula, første gong eg spøta ovanfrå og ned. Det tok litt tid å kome inn i mønsteret, men eigentleg er det lettare å få på erma med ein gong og så kan eg lage han så lang eg vil.
lørdag 2. mars 2024
Døgnrytme
Torsdag var eg i bursdagsselskap. Trivelege
folk og hyggeleg prat og god mat. Vel heime att sette eg meg i sofaen og spelte
litt wordfeud. Då eg gjekk for å legge meg var klokka halv to. Eg vart liggande
og vri meg til halv fem, då stod eg like godt opp, att. Litt trøytt utpå
føremiddagen, men du verda for ein lang dag eg får.
Døgnrytma mi er aldeles spinnvill, for tida. Lurer på korleis det vert når vi skal skru klokka.