torsdag 26. oktober 2023

Ny diagnose

 

No er eg faktisk litevetta sint/sur/trist/lei meg. No har eg lyst til å stenge meg inne og verda ute. Eg vil grave meg ned under dyna, setje proppar i øyra med Wanda Jackson på full guffe. Rocke med og ikkje høyre andre lydar. Eg vil ikkje svare på eitt einaste spørsmål. Eg vil ikkje høyre mine eigne tankar. Eg er redd for korleis eg vert, for korleis dette kjem til å utvikle seg.

Eg skal tenkje på kva eg kan, kva eg får til. Men det tek litt tid. Nett no kjenner eg at tankane vil attende til det eg kanskje ikkje får til. Nett no treng eg hjelp av Wanda Jackson for å stenge ute dei negative tankane.

Eg har fått Parkinson.

Trur eg, i alle høve. Utgreiinga tek si tid, så spørsmålsteiknet er ikkje heilt stroke ut, enno. Men dokteren meinte det truleg var det var det eg hadde fått. Men eg har så få av symptoma, enno, at han var litt i tvil.

Han undersøkte og spurde og grov. Han banka på eitt punkt i panna medan eg skulle sjå på nasa hans. Han spurde om eg var plaga med forstoppelse, om eg hadde meir mareritt enn vanleg. Om eg hadde problem med venstre foten. Korleis var balansen, smakssansen. Eg vart bedd om å lukke auga, så kom han med nokre boksar eg skulle lukte på. Dei tok eg med ein gong. Aldri har eg visst at denne sjukdomen kan gje slike symptom.

Eg skjelv litt i venstre handa. Ikkje heile tida, helst når eg er sliten. Eg strikkar som før og skriv gjere eg mest med høgre, så eg kan framleis produserte gode og dårlege tekstar, enno ei stund.

Faktaboks

OGSÅ KJENT SOM 

paralysis agitans

Sykdommen er karakterisert ved tilstedeværelse av minst to av disse tre kjernesymptomene:

  • redusert evne til å starte og gjennomføre viljestyrte bevegelser (hypokinesi),
  • en spesiell form for muskelstivhet (rigiditet) og
  • skjelving (tremor) som er mest uttalt når kroppen er i hvile.

Eg prøver å tenkje positivt. Eg dauar ikkje av dette, med rette medisinar kan symptoma dempast. Sjukdomen kan ikkje behandlast, berre symptoma.

Men så ser eg føre meg ein gammal mann i heimbygda. Han skolv over heile kroppen og når han skulle ete så fauk maten all verdas vegar. Men lækjevitskapen har kome langt sidan den gongen, og eg er trass alt mellom dei heldige. Det finst så mange som har ulike diagnosar og som har det mykje verre. Eg treng ikkje stå i kø for operasjon. Eg treng ikkje noko nytt organ. Eg må ikkje amputere. Førebels lever eg som normalt, eg må berre svelgje eit par tablettar ekstra, om morgonen. Sjukdomen er kronisk, symptoma kan berre stoppast eller seinkast. Alle er ulike, ingen veit korleis det vil utvikle seg.

Då eg fekk diagnosen var det som å få ein knyttneve i magen. Men eg prøver å tenkje at dette må vere eitt av fjella eg skal gå over. Det tek si tid å kome opp, men når eg når toppen er utsikta fantastisk.



mandag 16. oktober 2023

Papirmølla

 

Sjukehuset må ha godt om papir.

Eg hadde time på sjukehuset 16.10. Måndag den 02.10 fekk eg telefon om eg kunne kome dagen etter, dei hadde fått ei avbestilling. Eg heiv meg rundt og fekk ordna skyss og kom opp til time tysdag, kl 09.00. Så langt alt vel. Fredag 06.10 fekk eg brev i posten, med beskjed om at dei «dessverre måtte endre timen min». Ny time, 03.10, for tre dagar sidan.

Måndag fekk eg nytt brev, om oppfølgingstime i mars. Men den timebestillinga heng allereie på kjøleskåpet mitt, dokteren skreiv ut ny time medan eg var inne til undersøking.

Kjære sjukehuset, de treng ikkje hogge ned regnskogen for mi skuld, når eg får ein beskjed om time og kjem til den, så treng eg ikkje påminning tre dagar seinare. Ikkje enno, i alle høve.