Rosanna Ley
Tilbake til
Mandalay
Cappelen Damm
2017
Bestefaren fortel og Eva lyttar. Ofte handlar forteljingane om Burma.
Mange ting teier han om og Eva undrar seg over kva som eigentleg skjedde under
andre verdskrig, i landet så langt borte. Kva opplevingar sette så sterke merke
i bestefaren at han aldri fortel om dei, sjølv om det er tydeleg at dei har
prega heile resten av livet hans.
Eva arbeider som forhandlar av antikvitetar. Ei jobbreise fører henne
til det landet som sette så djupe spor i bestefar hennar. Då ho skal reise ber
han henne om å ta med seg ein gjenstand attende til den rettmessige eigaren.
Vi får eit godt innblikk i historia til landet og kulturen. Men sidan
dette er ein roman, så inneheld sjølvsagt boka ein god dose kjærleik.
Bestefaren minnest sin store kjærleik, som han aldri har gløymt. Eva møter både
kjærleik og farlege situasjonar. Forretningane er ikkje så enkle som dei kan
verke ved første augekast. Og kven kan ein eigentleg stole på?
Som alle
kjærleiksromanar fører denne også til ein lukkeleg slutt for dei gode. Dei
slemme får si straff og bestefaren døyr med fred i sinnet.
Det er
nesten trist å ta farvel med personane, Rosanna Ley skapar karakterar til å
verte glad i.