Sarah McCoy
Bakerens datter
Gyldendal 2012
Interessant å sjå krigen frå ein tyskar si
side. Korleis reagerte dei på skremselspropagandaen til Hitler? Korleis verka
det på dei når dei såg at dei tyske soldatane var like brutale som det dei fekk
fortalt at dei allierte var? Elsie arbeider i bakeriet til far sin. Det vert
vanskelegare, etter kvart som krigen held fram, å skaffe det dei treng til
bakinga. Dessutan forsvinn fleire av kundane, dei har ikkje råd til å handle
ferske bakarvarer. Det vert meir og meir bytehandel, folk byter det dei har, så
lenge dei kan.
Vi følgjer Elsie sitt liv under krigen og
etterpå. Møtet med Tobias vert avgjerande. Tobias som er ettersøkt av nazistane
av ein einaste grunn, han er jøde.
Seksti år etter krigen kjem journalisten
Reba til Elsie sitt bakeri i Texas. Ho vert nysgjerrig på historia til Elsie og
løyndomane hennar.
Både Reba og Elsie har sine demonar frå
fortida å slite med, begge leitar etter forsoning og tilgjeving.
Sorg, venskap, familie, kjærleik