torsdag 13. juni 2019

Blyanthjarte

Blyanthjerte
Elin Hansson
Aschehoug 2019

Ei gammal sjel i ein ung kropp
Kva gjer ein når ein er heilt åleine? Når farmor er død og besteveninna har flytta til Bodø og ein sjølv er tolv år og ikkje torer å snakke med gutar?
Sommarferie er eigentleg fint, men skal ein sitje inne heile livet og ete fyrstekake og spele yatzy med seg sjølv? Farmor og besteveninna Ida var dei einaste som alltid forstod henne. Dersom Liv går ut risikerer ho å møte på Ulrik frå B-klassen, verste plageånda i verda. Han kallar henne for tante Sofie eller frøken fyrstekake og spør kvar ho har kjøpt kleda sine, han vil gjerne tipse bestemor si, seier han.

Men heilt åleine er ho jo ikkje, tenkjer ho
"Jeg har jo fremdeles de gamle venninnene og Hallgrim på biblioteket."
Dei gamle veninnene er farmor sine gamle veninner og Hallgrim er farmor sin favorittbibliotekar.
Første gongen ho prøver ut ein ny klesstil vert alt heilt feil. Liv trur at ho må endre seg sjølv for at andre skal like henne. Men kanskje er det omvendt.

Om å vere ung og forvirra og einsam og kanskje forelska.

mandag 10. juni 2019

Sommar


Sommar
Fredag var det sol og fint, så eg tok med bok og briller og ei flaske vatn og gjekk ned til elva og sat og las eit par timar. Så kjøpte eg brød og to solskinnsbollar på skulen sitt bakeri før eg gjekk opp att. No var det siste utsalsdagen før sommarferien, så når desse brøda er etne må eg leve på butikkbrød heilt til dei opnar att, 30. august. Solvang sine brød er litt dyrare enn kneippen på butikken. Men så godt med nybaka brød og stort utval har dei, òg. Grove, halvgrove og fine både brød, bollar, rundstykke, focaccia og pizzabrød. Butikkbrøda er berre luft i samanlikning.

Dagen etter regna det, så sommaren er lunefull. Ein dag er det fint å sitje ute, neste dag er alle steinar og benkar våte. Eg hugsar mamma sa, ein gong det var sundag og styggevêr, at no angra ho på alle dei fine sundagane ho ikkje hadde vore ute og gått tur.



lørdag 1. juni 2019

Sommarles

Sommaren er offisielt her og biblioteket har laga til Sommarles-telt. Nesten så eg ynskjer at eg var tretten år og kunne krype inn og setje meg med ei spanande bok.

Kven les flest bøker i sommar?