Det var songarstemne i Dale (trur det måtte vere rett etter krigen, ho som fortalde historia hugsa ikkje årstalet, men ho hadde vore med på opplevinga).
Eit kor frå gamle Bru kommune skulle på
stemnet og hadde øvd inn songar, heile våren. Innkvarteringa på slike stemne var gjerne privat
og nokre frå koret skulle bu på Hogje. Pappa kom ned til sentrum og henta dei
med traktor og køyrde dei til gards. Ei av jentene i koret var nyforlova og
hadde skrytt fælt av ringen ho hadde fått på fingeren. Då ho møtte pappa vart
ho så forlikt i han at ho visste mest ikkje kva bein ho skulle stå på. I alle
høve skjønte ho at ho måtte ikkje late pappa få vite at ho var forlova.
Løysinga vart då å bruke kvite hanskar. Dei andre jentene lo av henne, men ho gjekk
trufast med hanskar, ute og inne. For skams skuld kunne ho då ikkje ta av seg
ringen, slik som ho hadde synt han fram.
Men strevet, hanskebruk og pen song, til fånyttes var det alt. Pappa var ikkje interessert i dama. Vonleg drog ho heim
att til forloveden og levde lukkeleg med han.
Seinare møtte pappa ei anna dame som han
vart meir interessert i. Ho var òg frå gamle Bru kommune. Men sjå det er ei
heilt anna soge.

