mandag 19. februar 2018

Mindfullness


Mindfullness?

I formingstida på skulen prøvde eg ut diverse teknikkar. Første vottane eg strikka vart til ein stor og ein liten vott. Då eg prøvde meg på å hekle eit pennal rista læraren på hovudet: «Nei, dette kan du visst bruke som dørmatte». Hardangersaum passa ikkje for ein med mine synsvanskar. På ungdomsskulen skulle eg sy ein bluse. Maskinene der var av det (den gongen) moderne slaget. Eg som var van med mamma si gammaldagse symaskin der ein måtte bruke eine handa til å sveive, var litt uheldig med skulen sine maskiner. Eg trakka pedalen til botnar og maskina raste av garde, det var like før ho letta frå bordet. Det var den karrieren. Sidan har eg (mis)brukt besteveninna når eg har bukser som må leggast opp eller bøtast.

Makramé, brodering, hekling, strikking, teikning, fargelegging, fotografering, figurklypp, scrapping, designe klede til papirdokker.

Lego, sudoku, kryssord, puslespel. Been there, done that

Handarbeid og puslearbeid er trivelege saker, det er greitt å ha noko «på hendene». Eitkvart eg kan sitje med når eg høyrer på radio eller ser fjernsyn. Eller berre skal slappe av, om kvelden. Anten det no er til meg sjølv eller eg lagar julegåver.

Kvar gong eg får ei ny «dille» kjøper eg inn utstyr og samlar ting og tang som eg trur eg treng i næraste framtid. Det har ein tendens til å verte liggjande og så vert det gjerne gløymt. Når eg då ein gong i blant har opprydding finn eg ting eg har gløymt at eg har kjøpt. Halvferdige strikketøy, gamle røter som eg har lagt til turking og hadde planar om å lage juledekorasjonar av, konglar eg skulle pynte med, ministaffeli som eg ein gong tenkte å klæsje måling på. Tusjar, penslar, fargeblyantar, vassfargar. Skamklypte fotografi, gamle fotorammer, utklypp eg sikkert hadde tenkt som bakgrunn til eitkvart.

Godt eg har planar om å verte gammal, så eg får gjort alt eg har tenkt.

tirsdag 13. februar 2018

Pensjonistligaen

Catharina Ingelman-Sundberg

Svindel og multelikør

Silke 2012

Hoi, for ein gjeng! Pensjonistligaen er på tokt, med stokk og rullator.
Aldersheimen har fått nye eigarar og dei innfører strenge sparetiltak. All maten er plastpakka, alkohol er forbode, mosjon er ikkje-eksisterande. Bollane til ettermiddagskaffien vert fjerna. Då dei også fjernar lysa på juletreet, har pensjonistligaen fått nok. På fjernsynet ser dei ein dokumentar om livet i fengsel. Der kan dei innsette velje mellom kjøt, fisk eller vegetarmiddag og dei får daglege lufteturar.
Mârtha, Lynet, Anna-Greta, Riva og Stina legg planar om å gjere eit brotsverk. Dei rømmer frå aldersheimen og tek saka, og livet, i eigne hender.
Første brotsverket vert for så vidt vellukka, men likevel skuffande. Men pensjonistligaen gjev ikkje opp i første vindkastet. Dei klekkar ut nye idear som skal få dei i fengsel. Attende til aldersheimen skal dei i alle høve ikkje.
Livet tek til etter fylte 70!


Eg kjøpte boka på årets Mammut-sal. Etter at boka kom ut har forfattaren skrive to til i same serie. Eg har allereie skrive meg på venteliste på biblioteket.