lørdag 16. desember 2017
onsdag 13. desember 2017
Advent
Mi første advent som diabetikar. No
hadde eg vel, strengt tatt, sjukdomen i fjor, òg. Men då visste eg ikkje om
det. Då kosa eg meg når eg gjekk i butikkane, føre jul, mellom julemarsipanen
og peparkakene og julehefta. Det er ei eiga stemning når det vert pynta til
advent og jul, sjølv om eg tykkjer handelsstanden i alle høve bør vente til første
adventshelga før dei fyller opp hyllene med juleglitteret.
Men i år er det nesten så eg kvir meg
når eg må ut på handel. Så snart eg kjem innom døra til daglegvarehandelen strøymer
det på meg så eg knapt kan anda. Sukkervarer i alle kulørar. Marsipangrisar i
ulike storleikar, med og utan sjokoladeovertrekk. Julekonfekt, julesjokolade, julekarameller, dadlar,
fiken med lakris, vørterbrød, julebrød. Mykje
av det eg tidlegare kunne kjøpe og, ikkje minst, ete, det må eg no halde meg
unna. Det er ikkje like lett, denne tida.
Freistingane er store og somme tider
fell eg.
Laurdag var eg på butikken, då kjøpte eg med meg to vørterbrød. Eg
sette meg for å sjå ein film, sundag, og kosa meg med eit par skiver vørterbrød
med godt smør på. Det var så godt at eg måtte ut på kjøkkenet og lage til eit par-tre
til. Det skrudde blodsukkeret opp, gitt. Men godt var det.
Alle desse juleavslutningane og
førejulstreffa og julelunsjane eg går på, bedt eller ubedt, er hyggelege
samkomer i adventstida. På bordet står oftast skåler og fat med julekaker og
sjokolade. Mykje julegodt for kakemons.
Eg prøver å liggje lågt i terrenget og
ikkje seie så mykje om denne diagnosen min. Det er mitt problem, og ikkje andre
sitt, at eg må passe på kva eg puttar i kjeften. Andre må få ete, og servere,
nett det dei vil. Det er eg sjølv som har ansvaret for at eg et det som er bra
for meg. Men stundom er freistingane vanskelege å motstå.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)