tirsdag 26. september 2017

Så lenge det er stjerner på himmelen

Kristin Harmel
Så lenge det er stjerner på himmelen
Cappelen Damm 2013


Utseld frå forlaget


Rafle du Vel d`Hiv
13152 jødar vart i løpet av to dagar arresterte, over heile Paris. Meir enn 8000 av desse vart stuva saman på eit stadium og innestengt i fem dagar, før dei vart deporterte til ulike fangeleirar.

Så lenge det er stjerner på himmelen

Denne historia er også kjent frå boka Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay. Ei hjartegripande historie kvar gong ho vert fortalt.

Hope er mor til ei tolv år gammal dotter og driv bakeriet som har vore i familien sitt eige i over seksti år, på Cape Cod. Ho vaks opp med ei kjøleg og til dels fråverande mor som var mest oppteken av mannen ho til ei kvar tid var saman med. Hope si trygge hamn var Mamie og bestefar Ted.
Hope er skilt, dottera er i opposisjon, banken vil seie opp lånet og korleis skal ho då greie å drive bakerite vidare?
Bestemor Rose har Alzheimer, men ein dag ho er klår, gjev ho Hope ei liste med sju namn og bed henne dra til Paris og finne ut kva som har skjedd med menneska bak namna.
Dette er hsitoria om korleis muslimar og jødar hjelpte kvarandre, under krigen. Det er også ei reise som endrar Hope som person. Kven er ho, kvar kjem ho frå?

Slutten er som venta, dei viktigaste personane finn kvarandre, trådar vert nøsta opp og dei fleste spørsmål får svar.

fredag 1. september 2017

Corina Bomann


Corina Bomann
tysk forfattar, fødd i 1974

Sommerfugløya
Måneskinnshagen
Sjasminsøstrene
En eventyrlig julereise


Rein leseglede. Her vert lesaren dregen med inn i fortid og notid. Historiene føregår stort sett på to plan, ei notidshistorie og gjerne ei familiehistorie i fortida som vert rulla opp. Ferda går til Sri Lanka (Sommerfugløya), til Sumatra (Måneskinnshagen) og til Saigon i Vietnam (Sjasminsøstrene). Forfattaren skildrar personane slik at ein vert glad i dei. Landskap og kultur stig truverdig fram gjennom forteljinga.

En eventyrlig julereise er litt annleis enn dei tre andre. Her føregår handlinga i notid. Det er ein odyssee av ei julereise. Hovudpersonen skal heim til jul og møter stengde vegar, nedsnødde landskap utan mobildekning, inneslutta ekspeditørar som ikkje kjenner ordet service. Men også kloke lastebilsjåførar, festlege, gamle damer som har mist bussen, hippiar på rundtur. Undervegs lærer ho mykje om menneska og kanskje mest om seg sjølv.

Favoritten min var nok Sommerfugløya. Denne øya som har fått kallenamnet sitt fordi ho i forma likar på ein sommarfuglveng.
Det er i alle høve ei stund sidan eg vart så glad i bøkene til ein forfattar at eg måtte få tak i alle som var omsette til norsk og lese dei omtrent i ein jafs.