Kvardagslukke
Tittelen er vel pitte lite vetta
misvisande. Det er ikkje kvar dag eg står på stand under boknatta i Fjærland.
Det kan teoretisk skje ein gong i året, rundt jonsok. No var det fire – fem år
sidan sist eg var på boknatta. Eg var med og stod på Skrivelaget sin stand, vi
selde dei to siste antologiane som Sogn og Fjordane skrivelag har gjeve ut.
Dessutan hadde eg med meg eigne bøker. Eg selde litt av antologiane og litt av
eigne. På slike dagar er vel det viktigaste at ein får vist seg fram, vise at
ein er å rekne med. Mykje folk som stoppar og slær av ein prat, vi delte ut
adressen til Skrivelaget si heimeside, der kan interesserte sjekke ut litt kva
laget står for og kva vi driv med.
Om ein ikkje er svolten når ein kjem, vert ein
det når nasa kjenner angen av grillmat og nysteikte vaflar, og på slike stader
er det alltid ein kjenning å ta ein matpause i lag med. Her kan ein få varmt
eller kaldt i koppen, pølser eller anna grillmat, wraps, platekake eller varme
vaflar rett frå jarnet. Praten går om bøker og litteratur eller om heilt andre
ting.
Lukke 1: stå på stand, prate med mange
gamle og nye kjenningar, snuse litt rundt på dei andre standa, spørje og grave,
nokre sel ut overskot frå eiga boksamling, nokre sel keramikk frå eigen
bruktbutikk, andre sel eigne bøker, nokre sel fotografi, ein flokk ungar hadde
funne ut at dei skulle selje leikane sine. På hotellet er det
gratisarrangement, føredrag ved Johs B. Thue og andre, i kyrkja er det
gratiskonsert ved Henning Sommerro og Ove Røsbak. Dit gjekk eg, og fekk ei fin
oppleving. Kyrkja var fylt til trengsel, det var sett fram ekstra stolar langs
midtgangen, folk sat på golvet og ute i våpenhuset stod vi som sild i tønne og
keik inn. Sommerro og Røsbak leidde oss gjennom tonane og orda til Hans
Hyldbak, Edvard Hoem, Alf Prøysen m.fl.
Lukke 2: eg er grueleg glad i bøkene til
Anna Gavalda. Første eg las var ”Saman er ein mindre aleine”, etter det har eg
vore hekta. Men eg har skjønt, etter kvart at ein av grunnane til at eg likar
desse bøkene så godt, har med omsetjinga å gjere. Tove Bakke er, etter mitt
syn, det beste som har skjedd omsetjarverda, på lang tid. Hennar omsetjing til
eit glitrande nynorsk gjer bøkene til språklege skattar. Då eg oppdaga at ho
hadde ein stand på boknatta, greidde eg ikkje å dy meg, eg måtte berre bortom
og prate med henne. For å seie det på sunnfjordsk: kjøle interessant å høyre
litt om korleis ein omsetjar arbeider og litt om Anna Gavalda sin måte å skrive
på.
Lukke 3: eg kasta nokre lengtande blikk
opp mot Straumsvåg Antikvariat, medan eg stod og prøvde meg som kremmar. Då
klokka gjekk mot ti, sa eg til dei andre som stod der at eg MÅTTE berre ha meg
ein tur oppom antikvariatet. Der sat det ein hyggeleg fyr som hadde full
oversikt over alle sine hyllemeter med bøker. På mitt spørsmål om førsteutgåver
av Jakob Sande sine bøker berre riste han på hovudet. Slikt noko gjekk ut
omtrent før dei fekk det inn og eg tenkte at det var kan hende like greitt, så
risikerte eg ikkje å blakke meg heilt. Men då eg forsiktig spurde om han hadde
førsteutgåver av nokre av bøkene til Johan Falkberget, sa at at jau, det trudde
han nok. Eg fekk ei førsteutgåve av eine bandet av serien Christianus Sextus.
Grunna at ein annan hadde eigd boka og sett namnetrekket sitt over heile tittelsida,
var verdien lågare enn om boka hadde vore heilt feilfri. 350 kr måtte eg ut
med, det var nett det same som eg hadde tent på sal av eigne bøker, den dagen,
og sopass er yndlingsforfattaren min verd.
Drog frå heimen klokka halv tolv på dagen
og var heime att klokka halv eitt om natta. Trøytt i omtrent alle dei lemmer og
musklar eg har, stiv i musklar eg ikkje visste om at eg hadde, særleg i føtene, som hadde stått og gått og trakka ein lang
dag, men øye, ryse, kjøle nøgd med dagen.