torsdag 28. mai 2015

Rart kva tida kan gjere med minna

Minne før og no

Eg var tidleg utvikla, fysisk. Då eg var elleve såg eg ut som eg var atten. Eg hugsar knisinga frå dei andre kvar gong eg sprang opp ei trapp, eller kvar gong eg gjorde det dårleg i gymtimen. Mobbing var ikkje funne opp, då eg var ung, då kalla vi det terging. Men eg (og eit par andre) lærte litt om korleis unge jenter og gutar kan vere mot kvarandre. Trøyste meg om eg ikkje også lærte nokre nye ord. 

Det hjelpte heller ikkje at ansiktet var pryda med store briller og eit syn som gjorde at eg måtte sitje på første pult for i det heile å sjå kva som stod på tavla. Kvar gong det regna såg eg uklart og når eg då kom innomhus dogga brillene og eg måtte pusse dei. Og det regna mykje då eg vaks opp. Etter som eg hugsar, i alle høve.

Eitt av kallenamna var «tjukka», det høyrde eg i mange år. Eg var 1,60 høg, på den tida, og rundt 57 kilo. Det var i grunnen høveleg, men orda gjorde at eg kjende meg feit.


Når eg tenker attende ser eg føre meg ei lita, feit blubbe som aldri kom over den hersens bukken vi skulle hoppe over, i gymmen, ei tjukkeberte som alltid vart valt sist når vi hadde ballspel. Når eg ser bilete frå den tida ser eg ei heilt normal, slank jente som faktisk var ganske fin på sin måte.
Eg tenker at knisinga og kommentarane truleg kom av misunning, eg hadde bulkar nett der eg skulle ha dei, medan dei andre jentene såg ut som nysteikte flatbrød. I ettertid ser eg òg at fleire av medelevane prøvde å få meg med i leiken, i gjengen. Men sjenert og skvetten som eg var, tok eg også dei hyggelege kommentarane som terging. Det er ikkje sant at tida lækjer alle sår, men jammen kan ho gjere oss litt klokare.

tirsdag 26. mai 2015

Millimeter

Eg er så lei av alle desse må og bør og skal – tinga som vi kvinner får tredd ned over oss, heile tida. Kjolane som er eit «must» i sommar. Sandalane som gjer deg «hot», desse bøkene MÅ du ha lese for å kunne delta i diskusjonen, den nye slankekuren, den nye sportstrenden.
Eg må ingen ting eg, anna enn det eg sjølv vil. Eg kan lese dei bøkene eg vil, drive med den idretten eg likar, klyppe håret i den fasongen eg kler best, gå i dei kleda og dei skorne eg vil, sjå dei filmane eg har lyst til å sjå.
Eg drit i om kleda mine er frå fjorårets mote, eller endå eldre, det einaste eg er redd for, er stagnasjon, for å stå med begge beina på jorda. Så lenge eg har eitt av beina i lufta, i rørsle, går det framover. Ver ikkje redd for ikkje å kome fram, ver berre redd for å stå stille.
Få har sagt det betre enn fine Anne Grete Preus
Millimeter (Anne Grete Preus)

Du kan bestige høye fjell for a utforske din styrke 
Eller studere i årevis for å få et fint yrke
Lese metervis med bøker
For å skjerpe tanken 
Eller jobbe til du har millioner i banken 

Av og til, av og til er en millimeter nok
Lavt og lite har mere kraft enn mye, fullt og nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
En millimeter nok 

Du kan lengte i en evighet etter lange, fuktige netter
Eller savne ekte kjærlighet hvis du kjenner etter
Aldri finne ro og rytme her 
Men alltid søke den rundt neste sving 
Tro at andres ros og klapp skal gi livet ditt mening

Av og til, av og til er en millimeter nok 
Lavt og lite har mere kraft enn mye, fullt og nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
En millimeter nok 

Et øyeblikk, en evighet?
Beror på perspektivet 
Et lysglimt av en tanke 
Kan snu opp og ned på livet 
Men kunsten er å holde hodet høyt og ryggen fri

Av og til, av og til er en millimeter nok 
Lavt og lite har mere kraft enn mye, fullt og nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
Av og til, av og til er en millimeter nok
En millimeter nok

Fekk ein gong ei helsing frå ei veninne der ho siterte bibelverset Ef.2.10
For vi er hans verk, skapt i Kristus Jesus til gode gjerninger, som Gud på forhånd har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dem.
«Hugs det», skreiv ho, «det står at vi skal gå, det står ikkje at vi skal springe».


https://www.youtube.com/watch?v=jRP1igT1ooA


tirsdag 5. mai 2015

Lesetips

Ingen savner Edward Niema
Eivind Larssen

Edward Niema vert førtidspensjonert.
Same dagen får han vite at kona snart skal døy.
Då han kjem til presten for å ordne med gravferda, får han vite at alt er teke hand om, gravferdsbyrået, kista, alt er ordna og betalt. Presten er ein travel mann som ser på klokka og utgangsdøra, alt anna enn den sørgjande enkemannen.
Etter at presten har sprunge av stad, kjem organisten og han tek Edward Niema med seg opp til orgelet og spør om han har nokre særskilte ynskje når det gjeld salmar. Organisten har nokre originale gøymestader for vodkaflaskene sine. Han kan òg finne på å arrangere Metallica for orgel slik at det kan minne om ein salme. I alle høve om du ikkje høyrer godt etter.
Etter kvart tek Niema til å finne små lappar rundt om i huset, lappar som kona har skrive til han. Har han eigentleg kjent denne kvinna han har vore gift med i så mange år? Og kven har ho arbeidd for?
Slutten kjem uventa og boka er full av sprelske innfall og høver godt for både kvinner og menn.



Siste samling på jentenes bensinstasjon
Fannie Flagg

Hugsar du bestseljaren Stekte grønne tomater på Whistle Stop Cafe?
No er Fannie Flagg attende med ei ny medrivande historie.
Sookie ser fram til å få meir tid til seg sjølv, no når døtrene er gifte og ho berre har fargeklatten mor si å ta seg av.
Tilfeldigvis får ho vite ein løyndom om fortida til mora og dermed noko som får stor verknad i hennar eige liv.
Og kven er Fritzi, denne tøffe føregangskvinna som lever livet sitt til fulle, heile tida?
Familieløyndomar og eventyrlege liv, i fortid og notid.