onsdag 29. januar 2014

Elisabeth Meyer

 
Portrett av Elisabeth Meyer, 1924.
 
Elisabeth Meyer (1899 – 1968), journalist og fotograf
«Førr ei dame». På 1920 - og 1930 – talet reiste ho rundt i verda. På eiga hand, åleine, skreiv og fotograferte. Ikkje var det dei enklaste stadane ho oppsøkte, heller. Persia, India, Irak, Tyrkia… Ho møtte og intervjua og fotograferte personar som sette namnetrekket sitt i historiebøkene. Mahatma Gandhi, Kemal Atatürk, kong Faisal i Irak, Indira Nehru. Redd av seg var ho ikkje, reisene kunne by på ulike vanskar, toget kunne verte ståande i timar og dagar, vegar var ofte uråd å køyre. I boka En kvinnes ferd til Persia fortel ho om vegen fram til Iran, m.a. om då vatnet gjekk så høgt at då sjåføren, som vart kalla Longlegg, hoppa uti stod han i vatn til langt opp på låra.
Ho seier i føreordet at draumen om Orienten hadde ho hatt i mange år, men ingen ho snakka med ville vere med. Ho fann til slutt ut at skulle det verte noko av, måtte ho reise åleine.
At denne dama kunne verte fullstendig gløymt etter sin død, er meg ei gåte. No har heldigvis Preus Museum gjort noko med saka. Ein biografi kom ut i 2013, Elisabeth Meyer: rapporter fra verden 1920 – 1950. Sjølv held eg på å lese meg gjennom det ho sjølv skreiv, eg frydar meg over både fotografiske og skriftlege bilete i boka En kvinnes ferd til Persia. Deretter har eg liggande på vent En kvinnes ferd gjennem India. Eg gler meg.
 Bibliografi
De små og store dyra våre i bilder og tekst 1949
  • En kvinnes ferd gjennem India 1933
  • En kvinnes ferd til Persia 1930 (Svensk utg. 1932)