tirsdag 27. august 2013

Vold, J.E. (2007). Ruth Maiers dagbok. Oslo: Gyldendal

Ruth Maiers dagbok

Eg undrar

Er det slik at dei som døyr unge, som har lita tid, at dei bråmognar, at dei utviklar seg dobbelt så fort som oss andre? Slike som Anne Frank og slike som Ruth Maier.

Var eg så reflektert som syttenåring? Svaret er nei. Var eg ein like klok nittenåring? Svaret er nei.

Først vert eg bittelitt misunneleg, på eit menneske som har slike talent, ho skriv, ho teiknar, ho målar, ho kommenterer det som skjer i verda, ho les til dels tunge verk. Deretter vert eg trist, fordi eit slikt talent ikkje skulle få leve og utvikle seg. Tenk kva ho kunne drive det til, om ho hadde fått høve til det.
Ettertida har mest hengt seg opp i spekulasjonane om det var eit kjærleikstilhøve mellom Ruth Maier og Gunvor Hofmo. Ho seier ein stad at ho ikkje har fjernaste erotiske kjensler for Gunvor. Jan Erik Vold trur ikkje dei har noko slikt forhold, sa han ein gong. Eg trur det heller ikkje, ut frå det eg les, men om det er viktig og om det var slik, får kvar lesar «døme» om, sjølv.
Ein stad skriv Ruth Maier at ho skriv ikkje fordi ho reknar med at andre vil vere interesserte i hennar tankar og utgreiingar, men ho skriv fordi ho har ein trong til å skape. Dette kan eg kjenne meg att i, ein lengt etter å vere kreativ, etter å skape, etter å skape noko som varer.

Jan Erik Vold har gjort ein stor innsats med å gjere desse dagbøkene og breva og illustrasjonane om til eit bokmanus, han har omsett teksten til norsk, han har heile tida hatt kontakt med Ruth Maier si søster Judith, under prosessen.
Ruth seier fleire stader at ho vil utrette noko. Kjære Ruth, namnet ditt lever vidare, gjennom det du skapte.

torsdag 21. mars 2013

Kari Skjønsberg-dagane


Kari Skjønsberg-dagane 2013
Det er nesten flaut å gå på Kari Skjønsberg-dagane og ikkje vite kven dama er. Eg hadde tenkt å google henne før konferansen, men kom ikkje så langt. Men kven seier vel nei til ein særs velsmakande lunsj og fire flotte føredrag kvar dag i to dagar, og attpåtil gratis, berre for å formidle eit tekstutdrag på fem minutt? Ikkje denne jenta, i alle høve. Vi var fire stk som var med og krydra avslutninga, torsdagen, med tekstutdrag.
Fire føredrag har festa seg hos meg

Kvinnesak og barnelitteratur: Kari Skjønsbergs forskningsbidrag, ved Anne Kristin Lande, Nasjonalbiblioteket.
Jammen fekk eg vite kven Kari Skjønsberg var! Arbeidskapasiteten var det ingen ting å seie på. Ho tok artium som syttenåring, hadde studieopphald i England og Frankrike, m.a., hadde eit stort internasjonalt nettverk, fekk første novella på trykk som femtenåring, skreiv bøker, omsette bøker, magister i litteraturhistorie. Lærar, barnebokforfattar, journalist, barnetimetante. Litteraturmeldar av barnebøker, kvinnesaksforkjempar, første forskar på feltet Barne – og ungdomslitteratur. Ho arbeidde ved Bibliotekhøgskulen 1968-1993.

Camilla Collett for barn, ved Kristin Ørjasæter
Har Collett mist retten til si eiga røyst?
Først i 1873 signerte ho verka med sitt eige namn.
Her er ei uvanleg stor spreiing når det gjeld sjanger. Ho skriv både med utgangspunkt i seg sjølv, men òg i samfunnet. Ho var belest og ho var bereist, München, Paris, Berlin, Roma….. Ho samanliknar dei heimlege tilhøva med korleis det var, ute. Kvinnesakskvinne var ho lenge før nokon andre, her i landet.
Alt dette og meir til, frå ei jente som berre fekk tre års skulegang. I hennar oppvekst var det gutane som fekk gå Latinskulen.

For ein gongs skuld høyrde vi ein som snakka om Camilla Collett som eit sjølvstendig individ og ikkje berre som ein svermerisk attenåring som var forgapt i Welhaven og stod i skuggen av bror Henrik. Eg kan berre seie ein ting: Takk. Måtte vi få fleire slike.
Om jenter og makt i litteraturen, ved Aina Basso

Ein må berre vere imponert over at nokon orkar ta tak i slikt stoff og skrive om det i romans form. Viktig er det å kunne historia, viktig er det å kjenne til kva kvinner har vorte utsette for, gjennom tidene. Vart ein skulda for å vere heks, hadde ein ikkje ein sjanse. Først var det forhøyr under tortur så hard at dei fleste tilstod anten dei var skuldige eller ikkje. Skulle dei derimot greie å stå mot torturen var det vassprøva neste. Då vart ein bunden på hender og føter og kasta på vatnet. Sokk ein var ein uskuldig, men då hadde Vårherre teke mot dei i Sin store nåde. Flaut dei, og det gjorde dei fleste, sa Basso, tydde det at dei var skuldige og då var det berre bålet att.
Når ein veit at ho byggjer alt dette på faktiske hendingar som ho har funne t.d. i rettsprotokollar, og ein samstundes veit at enno i dag vert kvinner brende som hekser, m.a. i land som Zimbabwe, kan ein spørje med forfattaren: Kvar kjem alt dette kvinnehatet frå?

Moderliga amazoner – sterke kvinner hos Astrid Lindgren, ved Lena Törnqvist, tidl. Kungliga biblioteket, Stockholm
Her er det nok å ta av, dei myldrar fram, Pippi, Kati, Madicken og Lisabet, Alva, Abbe si mamma, Alma Svenson, Ronja, Lovis. Store og små, sterke og sjølvstendige.

Første litterære heltinna i mitt liv var ei tjukk lita jente i den svenske skjærgarden, med ein misunningsverdig eigenskap: ho var ikkje verdas sterkaste, ho hadde ikkje gullpengar, ho var ikkje full av spilloppar, men ho hadde ein sanktbernhardshund som følgde henne kvar ho gjekk og stod. Denne majestetiske Tjorven, som nok var eit einsamt barn, når søstrene var på skulen og sommargjestane var reiste attende til byen, men som alltid hadde Båtsmann. Første gongen serien om Saltkråkan gjekk på norsk fjernsyn, måtte eg vitje naboen for å få sjå, vi fekk fjernsyn nokre år seinare. Eg elska Tjorven og kanskje aller mest Båtsmann. Eg slukte serien og boka vart lesen omtrent i filler.

Astrid Lindgren skreiv om sterke kvinner, om ansvar, empati, moderskap, handlekraft, kjærleik. Var ho feminist? Lena Törnqvist trur Lindgren sitt svar ville vore: Usj, jag vet inte. I alle høve veit denne dama det meste som er å vite om Lindgren sine kvinner. Skulle gjerne høyrt eit føredrag der ho tok opp landskapet i bøkene til Lindgren, der ho snakka om gutane, som Emil. Det høyrde ikkje heime i denne samanhengen, men kan vere ein ide for seinare.

Jammen er eg glad for at eg fekk høve til å både delta og bidra, sjølv om det siste berre var fem minutt. Men det var viktige fem minutt. Trur eg.

 

torsdag 28. februar 2013

Stort sett overlever eg

At eg aldri lærer. Eg er så nervøs, trur alltid det kjem til å gå dårleg. Så går det oftast bra. Munnleg eksamen, ingen er ute etter å ta meg, eksaminator er ute etter å høyre kva eg kan.
Nei, det er som eg alltid seier, med Mark Twain, etterpå: eg har hatt mange bekymringar i mitt liv. Dei fleste har det ikkje vorte noko av.

fredag 15. februar 2013

Løyndomar og bestevener

Åh,  du store, for Glimmerdalens vesle dunder, slik jente har ikkje vore fødd sidan Pippi sine dagar. Boka er eit overskotslager av sprelske språkbilete og herlege påfunn. Eg har nett lese Tonje Glimmerdal av Maria Parr, for andre gong. Grunnen er at  eg er hyra som opplesar på ein konferanse om barne- og ungdomslitteratur. Eg gler meg stort til å lese om Tonje og mest av alt til å lese for dei som enno ikkje har fått med seg denne tiåringen som har ein besteven på 74 år og som ho er så glad i at det knakar i magen. Eigentleg skulle eg lese litteraturteori til munnleg eksamen, men eg vart så oppslukt av Tonje  at eg måtte berrre lese heile boka. Det  var eit særdeles kjekt gjensyn,  og sidan  boka kom ut i 2009 kan ein kanskje vone at det snart kjem ei ny bok frå Maria Parr. Gjerne ei til om Tonje.

tirsdag 29. januar 2013

Kvinneportrett


Mitt grådige hjerte, av Hege Duckert
Versal forlag 2009

Dei portretterte er Frida Kahlo, Simone de Beauvoir, Karen Blixen, Billie Holiday og til dels Hege Duckert. Forfattaren tek òg sin plass blant desse kvinnene.

Ei reise inn i livet til fire kvinner, totalt ulike, sett gjennom deira forhold til menn. Kva er det som gjer at kvinner ofte vel menn som er utru, svikefulle, uærlege og som forlet dei? Korleis kan dette kjærleikstapet gjerast om til stor kunst?

Ein dansk eventyrar som vart farmar i Afrika, ho satsa høgt og tapte og gjorde kjærleikstapet om til sterke og originale forteljingar.

Ei amerikansk jazzsongarinne gjorde tapet om til råsterke songar. Då ho tok til å tene gode pengar, vart dei beslaglagt av den mannen ho til ei kvar tid var saman med. Den siste av desse brukte ein del av pengane til å forsørge ei kone nr 2 og deira barn, i ein annan by (Billie Holiday sin song, sjå s. 124-125)
Simone de Beauvoir sin livslange kjærleik var Jean-Paul Sartre, han kan vel heller neppe kallast trufast. Simone sleit med sjalusi og dei hadde begge forhold til andre. Dei inngjekk ei pakt at dei kunne ha andre, men dei skulle alltid vere ærlege mot kvarandre.

Frida Kahlo gifte seg med Diego Rivera, som allereie då han fridde, sa frå at han kom til å vere lojal, men ikkje trufast. Han hadde jamvel ei affære med søster til Frida, i tillegg til diverse modellar.

For eigen del kan eg legge til at boka handlar om kvinner som var glade for å sleppe unna husarbeid, dette gjeld i alle høve to av dei. Billie Holiday budde i årevis på hotell, på den tida kunne det vere billeg og enkelt og ein trengde ikkje gjere noko form for husarbeid.

Når det gjeld Simone de Beauvoir visste dei fleste som kom til henne at det var lurt å ha ete på førehand (sjå s. 177).