I dag var eg ut og plukka mitt første jordbær for sesongen. Det hadde ikkje teke skade av å stå ein dag eller to til. Men det var så freistande at eg plukka det og åt det. Så er det berre å vente på om dei andre knoppane raudnar i kinna, utover sommaren.
søndag 30. juni 2024
fredag 21. juni 2024
Sommarsyssel
Han har ikkje heilt bestemt seg, sommaren. Men no held han på å få overtaket, det er varmare i véret og det er vanskeleg å sove bort sommarnatta. Eg har vorte reine morgonfuglen. Får nyte det så lenge det varer. I går planta eg ut nokre små sitronsteinar, dei er eg spent på. Dessutan potta eg om ei stoveplante som hadde vorte vel stor. Vert litt inspirert av vertinna, ho står omtrent dobbel, støtt. Ho plantar ut, ho plantar om og ho plukkar inn att dei finaste bukettar.
God sommar
søndag 16. juni 2024
Sommartur
Helga vart ikkje nett slik eg hadde tenkt. Men ho vart bra, likevel. Ein tur i Brandsøya og vitja eitt søskenbarn. Laurdag hadde vi tenkt oss på Askrova der mannen hennar er frå. Vèr-meldinga var såpass at vi droppa det og gjekk heller ein tur i Sørstrand Folkepark, der vi kunne sjå over til Askrova, så eg fekk sjå kva vi gjekk glipp av.
Sundag drog vi i Kvammen og vitja eitt anna søskenbarn. Dei var heime og såg ut til å verte glade for å sjå oss. Vi mimra over gamle album, med slekt og kjende på så mange sider.
Ei triveleg helg. Reine slektstreffet.
fredag 7. juni 2024
Å rydde ein barndom
Å rydde ein barndom
Lars, Kari og Ola Bremnes
Når du går
Gyldendal 2023
Øskjer og
kassar og møblar. Å rydde etter foreldra vil seie å rydde seg gjennom heile barndomen,
alt foreldra har spart på av barndomen din. Teikningane du gav dei, julegåver
ein gav og fekk, alle fotografia.
Huset sitt
hjarte var mammas piano. Korleis skal dei greie å kvitte seg med dette
instrumentet som ho spelte på kvar dag i over 80 år? Alle syskena har eigne
piano, ingen har plass til det. Men å late det stå att eller å selje det vil vere eit svik.
Det fine
serviset har alle lyst på, kven skal få det?
Alle gjenstandane
som no har mist eigarane sine, kven har plass og kven skal få Lego-figurane til
Lars. Sjølv kjem han ikkje til å leike meir med dei, men kanskje ungane? Så
kjem han på at ungane no alle er i 20-åra. Kanskje, om nokre år, barnebarna?
Ei rørande bok
om levd liv, om å måtte velje kva ein skal ta med, vidare og kva ein skal legge
igjen.