Plask, plask, seier det ute. Det er grått, det er vått, husa ser ut som dei frys litevetta. Tidlegare i dag var det sludd, no er det regn. Det freistar ikkje å gå tur. Sofaen ser meir innbydande ut. Der ligg spøtet og eit par vekeblad. Trur eg held meg inne i dag, eg.
lørdag 27. januar 2024
fredag 19. januar 2024
lørdag 13. januar 2024
Ommøbleringòg
Når det er fullt oppe i hauet er det faktisk bra hjelp i å ommøblere stova. Eg brukar god tid, ting må liksom "gå seg til". Eg flyttar ein stol, eitt bord, hit og dit og må ha det slik ei stund, for å sjå korleis eg likar det. No fekk eg i grunnen ei stove som verkar større, to rom i eitt. Stundom må ein ommøblere heile rommet, andre gonger er det nok med nokre nye trekk til putene og nye gardin. Under prosessen finn eg gjerne eitt par UFO-ar (UFerdigeObjekt) som eg har gløymt.
Det vert liksom litt ryddigare oppe i hauet, òg, under arbeidet. Litt inspirasjon er ikkje av vegen.
fredag 5. januar 2024
Skoltesundag
1. Eg måtte verte sjuogseksti før eg åt mitt første auge på ein skolte. Eg har alltid sagt at eg likar ikkje mat som ligg og ser på meg. Vi brukar å ha skolter siste sundagen før jul. Då er det «skitnesundag». I år var adventstida kortare enn vanleg, då sjølve julafta var fjerde sundag i advent. Då var det greitt å bruke sundagen før, som skitnesundag/skoltesundag. Eine nevøen min fortalde at han hadde ete sitt første auge, sist dei hadde retten. Eg fann ut at eg kunne då ikkje verre dårlegare. Eg studerte korleis kokken gjorde det når han tok vekk sjølve den svarte pupillen. Eg prøvde å gjere det på same måte og fekk det til so nokolunde.
Då vi vaks opp var yngste bror min snar til å setje seg ved sida av meg, ved middagsbordet, denne dagen. Då visste han at han gjerne fekk auget, som han tykte var det beste på heile hauet. No er det ikkje hjelp i å gjere det, lenger. Eg et det sjølv, men det beste på heile hauet, nei, det er det ikkje.
d