I går gjekk eg til sentrum og tenkte eg skulle gjere unna påskehandelen. Det er litt diverse ein treng når ein skal handle for to veker. Etter kvart vart det så mykje at til slutt tok eg meg ein kaffipause på lunsjkafeen, eg måtte tenkje litt. Det vart tungt, dette, å ta alt dette på bussen og så bere det vidare, frå buss-stoppet. Ingen i sentrum med bil og bagasjerom, ledig for køyring.
Eg fann ut at eg skulle spørje på butikken om eg kunne låne med meg heile handlevogna heim att. Det var heilt greitt, det, berre eg kom att med henne. Det lova eg å gjere. Så eg fekk meg ein flott trim-tur opp bakkane og i dag får eg ein fin rusletur ned att med vogna.