Julegåver i
mars?
Eg går omtrent
i spinn når bokhandelen har 40% på ditten og Mammut-sal på datten. No har eg allereie
kjøpt ei quiz-bok på Mammut og eitt IQ-pussel til 40%.
Så eg kjøper julegåver og bursdagsgåver i februar og mars. At dei er til halv pris er inga ulempe.
Deretter går eg heim og arbeider vidare på ei og anna gåve som eg ikkje vart ferdig med i fjor. Det hender nemleg òg, at eg trur eg er kjappare enn eg faktisk er. Eg startar på julegåver og så vert eg ikkje ferdig.
Men det er
heilt greitt, dei som får dei veit ikkje kor lang tid eg har brukt. Og det eg lagar er ikkje ferskvare, som må etast same dagen.