lørdag 21. mars 2020

Ufriviljug fellesferie


Fellesferien kom tidleg i år

Så mange ting ein tek som sjølvsagt. Gå ein tur, setje seg på ein benk, stikke innom vener, biblioteket, ta ein kaffi på kafeen. Opplevingar ein ikkje tenkjer over. Før det brått er restriksjonar på alt. 
Nokre er i karantene, biblioteket er stengt, kafeen likeeins. På butikken går vi rundt med eingongshanskar og prøver halde avstand til dei vi møter. Denne dagen må eg kjøpe butikk-brød, då kafeen der eg brukar kjøpe brød held stengt.

Skulle vore innom hobbybutikken og kanskje Sybutikken for påfyll til diverse prosjekt. I alle høve dersom dette vert langvarig. Kanskje eg skal finne fram puslespelet eg har liggande. Di færre butikkar ein er innom, di færre sjansar er det for å verte smitta.

Det er som heile landet har teke fellesferie på ubestemt tid.

Ære vere dei som held samfunnet i gang i desse tider. Helsearbeidarar og butikkpersonale og sjåførar som ikkje har noko val.

fredag 13. mars 2020

Strikkefestival


Nordfjord strikkefestival på Eid


Spenstige tilskipingar, som «Strikk og drikk med garnbyte». Her kunne ein ta med seg garn ein ikkje brukte, som ein hadde for mykje av, og få bytt det i noko anna. Leverte du fem nøste kunne du plukke med deg fem nye. Vart det noko til overs vart det levert til Friviljugsentralen. Alt kom til nytte. Super måte å tenke gjenbruk på.

«Strikk med musikk».

Å kunne ta seg ein tur i Gamlebanken og setje seg ned med eit strikketøy og få med seg ein fantastisk konsert i ord og tonar med Dagfinn Lågeide på trekkspel og Olga Pavlova på fiolin og song. Eitt av helgas høgdepunkt. Lågeide fortalde små historier mellom musikk-innslaga og Olga Pavlova veksla mellom fiolinen og songen. For ein formidlar den dama er. Då ho song eit par songar av Jakob Sande, Fabel og Stubb, la eg frå meg strikketøyet, let att auga og song med. Til slutt avslutta dei med ein russisk song der ho fekk briljere som den operasongaren ho visseleg er.

Noko for alle strikkeglade

Lær å designe ditt eige mønster, raudstrømpestrikk, fargeworkshop, strikk inn hæl, pilates med strikk (skadeførebyggande pilates for strikkarar), føredrag, strikkeshopping, her er noko for ein kvar smak. Gå på ein kafè og set deg med kaffien og strikketøyet, det kjem garantert ein annan strikkar innom. Stikk innom sølvsmeden og sjå utstillinga, kjøp garn på «Den røde tråd». Rabattar på garn, utstillingar, heile bygda feirar strikkefestival og heile bygda vert teken i bruk.

Goodiebagen vi fekk då vi kom var innhaldsrik, mønster, måleband, tre garnnøste og andre godsaker.

Skal ein absolutt pirke på noko, kunne det vore litt betre lys rundt småborda på hotellet. Ein strikkar gjerne mønster, kanskje med mørke fargar og då treng ein å sjå godt. Ein kunne hatt eit par stålamper ståande som folk kunne plassert der dei sat. Men dette kan ordnast til neste gong, for dei som var her kjem nok att, på neste festival.

Eg la ut eit bilete av siste arrangementet eg var med på, sundag, på instagram. Der skreiv eg at eg

«gler meg sjukt til neste gong».