lørdag 26. januar 2019

Vinterstemning

Sein vinter
På nyåret kom vinteren. I januar snøa det og var høveleg med kuldegrader. Snøen som legg seg på taket lagar fine istappar som heng rett over utedøra mi. Eg skottar opp kvar gong eg går gjennom døra og lurer på om det kjem ei ladning nett medan eg står der. Her ein dag vart det litt mildare og då kom takraset. Det la seg utanfor trammen og eg måtte drive reine fjellklatringa når eg skulle over. Eg venta eit par dagar for å vere sikker på at det meste var kome ned. Då tok eg spaden og gjekk i gang.

Kven treng treningsstudio slike dagar? 
Seinare gjekk eg stad og kjøpte broddar. Så no har eg inga orsaking for ikkje å gå tur.

lørdag 19. januar 2019

Arbeidsdøra mi


Skal tru om det vert ei førestilling ut av dette. Her klistrar eg opp rekkefylgja, notat, hugselappar, ting og tang eg skal hugse. Då har eg det for auga heile tida. Problemet er berre at når det har hengt ei stund vert eg så van med det at eg ser det ikkje lenger. Men det er ein grei måte å arbeide på, dette å bruke lappar. Eg har endra rekkefylgja fleire gonger, teke ut noko, flytta fram og attende på anna. No held teksten på å ta form.

lørdag 12. januar 2019

Ingeborg

Ingeborg Grytten



Ingeborg Grytten var ei gåverik kvinne. Prestedotter frå Holmedal, levde på 1600-talet. Ho skreiv åndelege salmar, ho sauma messehakel, ho spelte på spinett. Ho var spedalsk og fekk vel aldri utnytta evnene sine til fulle. Eller kanskje gjorde ho det, ho måtte finne måtar å uttrykke seg på, sidan så mange vegar var stengde for henne. Det er uvisst om ho levde då boka kom ut, førsteutgåva kom i 1705. Boka kom i alt i fire opplag, det er mykje for ei diktbok.

Ingeborg opptek tankane mine mykje, for tida, i lag med to andre kvinner frå Dalsfjordområdet. Det nærmar seg (vonleg) tida då eg spikrar framføringsdato for førestillinga mi.

lørdag 5. januar 2019

Godt år

Med ynskje om eit godt nytt år.
Eg ynskjer meg eit kreativt år. Eg treng ikkje nett kome på fjernsynet. Men noko spanande skal eg finne på. Ikkje utruleg at eg kjem i lokalavisa.
Buffy lurer på kva dronning Sonja pratar om
Eg skriv om nokre lokale damer som eg har lyst til å setje opp ei førestilling om. Dei var i utgangspunktet fire, no er dei tre og teksten er på det næraste klar. No står berre att å ta bilete, lage scene og få økonomien på plass. Og bestemme datoar.