onsdag 18. oktober 2017

Orsak

Det hender eg snakkar før eg får tenkt meg om. Det skjer visst at eg skriv før eg tenkjer, òg. Eller så gneg eg på ting og skriv det ned i staden for å seie det der og då. Det er ikkje meininga å fornærme eller såre nokon. Men det kan stundom vere fort gjort.
Som eg sa til ho eine som reagerte: eg set pris på omsorg. Eg bed om orsaking dersom eg såra nokon med det eg skreiv i eit tidlegare innlegg, «Hjartesukk».

tirsdag 10. oktober 2017

Opprydding

Rydda i eit skåp, her ein dag. Det var interessant. Garn som ikkje hadde merkelappar lenger. Halvferdige strikkeprosjekt som var fleire år gamle. Rammer, fargar, gamle bruksanvisningar til forlengst utslitne apparat. Klede som hadde nådd konfirmasjonsalderen.  Det meste hadde eg ein plan med. Eg hadde tenkt å gjere ferdig teppet. Kleda var eit sammansurium av gåver og arv og innkjøp. Rammene skulle eg fylle med fargerike måleri. No gjekk det meste i bosset.
Heretter skal eg kjøpe berre det eg skal bruke med ein gong.

Men så er det no dette med å glede seg til å starte på det nyinnkjøpte garnet. Forventninga ein har når ein veit at ein har noko å lage ting av.