tirsdag 18. juli 2017

Sommar?

Sola har snudd, regnet varer ved. Det er nesten så eg vert vêrsjuk. Det renn elvar etter vegen og kvar kveld må eg setje skorne til turk. Det var nokre fine dagar for eit par veker sidan, slik at bøndene kom ut på jordet med traktoren og festivaldeltakarane fekk ørlite sol på kroppen. Men fara for å verte solbrent er lita.

fredag 14. juli 2017

 
Ikkje rart det stundom går rundt for ein stakkar. Her frå fjorårets tur til Bergen. Nett fått med meg ein flott Førdefestival. Fleire flotte konsertar (eit par som eg kan forbigå i det stille), dei fleste var i øvre sjiktet. Fem dagar kvart år kjem verda til Førde og spelar og syng så det er ei fryd. Etterpå vert det stille, det er godt, det, òg.
 
 
To damer på Fløyen. Den eine er oppteken av utsikta, den andre er visst mest oppteken av å posere.