Marianne
Clementine Håheim
Svart belte
Roman, 106 s
Oktober 2015
Brødskiver som knapt eksisterer (s 13)
Forfattaren
har brukt barndomen til å redde meitemarkar frå vasspyttane etter regnvêret. Ho
har lese bøker om førstehjelp for smådyr. Ho har lært kva som skal til for å
halde i live og reparere. No klorar ho seg sjølv for å verte minst mogeleg, for
å skrelle vekk det ho ikkje treng (s 15).
Ho ser
tydeleg kva dette gjer med foreldra. Ho ser faren sine tårer, men korleis kan
ho trøyste når det er hennar skuld at han grin (s 31)?
Teksten er
botnlaust ærleg, forfattaren er full av sjølvinnsikt, men fanga av ein sjukdom
som syg seg fast. Språket er og nært og rett på sak. Her er ikkje rom
for utanomsnakk.
Ei bok til å
verte klok av.
Takk for at du deler, Marianne