søndag 4. oktober 2015

Meininga

Meininga med livet
Det er vel individuelt kva ein ser som meininga med livet, det er ikkje eitt svar på dette spørsmålet. Meininga med mitt liv treng ikkje vere det same som meininga med ditt liv. Meininga med mitt liv er heller ikkje ei konstant meining. Eg trur ho endrar seg, som måla mine endrar seg.

Meininga med livet er for meg å vere til stades, leve livet, realisere meg, oppfylle måla mine. Når eg når eitt mål, får eg nye. Måla endrar seg, og meininga justerer seg, med alderen. Det kan vere å verte den beste utgåva av meg sjølv, gjere noko for andre, setje spor, finne min eigen regnskog, min eigen lidenskap, skape noko. Å leve livet no, ikkje utsetje livet og draumane til pensjonsalderen.

Det er vel få som på dødsleiet angrar på at dei gjorde for lite husarbeid eller tenkjer på at dei skulle ha arbeidd meir overtid. Det må i så fall vere dei som har vore så heldige å ha hatt hobbyen eller lidenskapen som yrke.