Arbeider med kåseriet frå Galapagos og Ecuador. Tittelen er I Darwin sine fotspor. Kåseriet vert bra, men no vart eg stoppa av lyn og torever og slær av maskina.
Fekk telefon frå ein arbeidsstad som gjerne vil ha meg med på laget, skal møte dei i morgon. Spanande tider. Elles har vi nett hatt ein liten quiz om kven som kan mest om sport, meg eller ein kompis. Trur han kunne pittelitt meir, men så er han no eit heilt halvår eldre enn meg, og hugsar lenger attende, så det så.
Det går faktisk godt an å leve i kvardagen, òg, som Olav H Hauge sa ein gong.
torsdag 19. februar 2015
søndag 1. februar 2015
Det er alltid dei andre
Litt stolt
http://fjaler.origo.no/-/bulletin/show/847623_bok-det-er-alltid-dei-andre-av-olaug-a-haugen-fraa-dale
Sarkastiske sleivspark
Olaug A Haugen, aktuell med si andre bokutgjeving. I korte, stramme tekstar, spekka med sarkas-tiske sleivspark og originale bilete, skildrar ho situasjonar og typar vi ofte kan kjenne oss igjen i. Her treffer vi mellom anna rundbrennaren, mobbeofferet, den utru, valdtektsofferet, tannlækjaren som torturerer pasientane, den fattige husmannen, den grå musa, den omsynslause sjefen, den paranoide, telefonterroristen og personane si løn som fortent – eventuelt den utspekulerte hemnen dei så lenge har drøymt om. Av og til glir det realistiske over i det fantastiske og smått surrealistiske, nokre gonger er det lesaren sjølv som må trekke slutningane om kva som eigentleg har hendt. Ofte har historia også ei ekstra overrasking på lur mot slutten, for ting er ikkje alltid slik dei kan sjå ut til ved fyrste augekast.
Anne Marie Baugstø-Hartvigsen
Olaug A Haugen:
«Det er alltid dei andre»
Prosatekstar
Setesdalsforlaget 2014
89 sider
Boka kostar 150 kroner og kan tingast ved å sende ein e-post til olaugahaugen@hotmail.com
Abonner på:
Kommentarer (Atom)