Eg
held på å lese korrektur på ei masteroppgåve. Oppgåva handlar om korleis
folkedans kan brukast i arbeidet med å integrere menneske med psykisk
utviklingshemming. Masterstudenten har instruert ei gruppe av dei vi kallar
utviklingshemma og ei gruppe av folkedansarar. Ho fortel at dei som ikkje får
til stega med ein gong, lagar sine eigne løysingar. Dei finn sine eigne måtar å
utføre dansen på. Dei fleste av oss har styrke nok i oss til å greie meir enn
vi trur. Møter vi ei hindring treng vi ikkje gjere som Bøygen og gå utanom. Vi
kan finne utvegar og gå rakt i gjennom. Trur det var filosofen Arne Næss som
ein gong sa noko om at det var lurt å gjere noko ein ikkje er så frykteleg god
til. Det gjer eg gjerne, dersom det gjev meg sjølv glede. Nett no har eg
songpause, men eg har sunge i kor i mange år. Noko stor songar vert eg aldri,
det har eg innsett for lengst, eg traktar ikkje etter solistrolla. Men eg
trivst som ein alt blant andre altar og har eg ein stødig alt bak meg og gjerne
ein ved sida mi, kan eg syngje tåleg bra. Ein stor dansar vert eg heller aldri,
men eg har gått på kurs i flamenco og eg har gått på kurs i magedans. Begge
deler like moro, eg kosa meg og lærte mykje om dans og om kroppshaldning. På
samlingar der det er dans, hender det at eg dreg eldstebroren min med meg ut på
golvet. Ulikt meg er han flink til å danse og når eg får danse med han har eg
det moro og lærer endå meir.
Så
kvifor skal eg bruke tid på slike aktivitetar som eg berre vert middels flink
i? Skal eg ikkje heller bruke tida til å perfeksjonere dei talenta eg har og utvikle
endå meir dei områda der eg faktisk er god? Eg ser det slik at det som gjer meg
lukkeleg, faktisk gjer meg, ja om ikkje nett god, så i alle høve betre.